Maurene kjem!
Publisert 15.10.2022
Elevane kikkar ut av vinduet. Tre gigantiske maur har teke med seg fleire hundre egg eller brødsmuler og held tydeleg på med noko rett utanfor skulen. Elevane spring ut for å sjå nærmare, og for å finne ut kva desse maurene held på med!
Av: Marie Othilie Hundevadt, produsent for scenekunst i DKS Innlandet
Det siste halve året har DKS Innlandet saman med DKS Oslo og Rom for dans vore i hemmelege forhandlingar med Polyglot theatre, eit australsk teaterkompani med mange meritter, om eit krypande, kravlande samarbeid. No er avtalene signerte, og allereie frå i mars dette skuleåret vil maur byrja å krype fram på skuler i Innlandet og i Oslo.
Verdskjend kompani i samarbeid med Den kulturelle skulesekken
Polyglot theatre er eit verdskjend teaterkompani med base i Melbourne, Australia, og er kjend for å setja barnet i sentrum av alt dei gjer kunstnarisk, og som jobbar for å gje borna eigarskap og styring over sin eigen kunstoppleving. Dei lagar verk som er både leikne og konseptuelle, under mottoet «Theatre is Child’s Play».
«I haven’t seen a play. I have been a play…»
Dette seier eit born på 7 år etter å ha opplevd eller vore ein del av Maur. Maur er ei forestilling som set borna i midten av hendinga, og det er elevane sine val og ynskjer som bestemmer korleis forestillinga skal utvikle seg. Elevane finn ut at maurene held på med noko viktig, og dei vert gripe av eit ynskje om å bidra. Elevane hjelp maurene, men tek etterkvart over og skaper sine eigne oppgåver og logikk, som maurene så hjelp elevane med.

Flotte samarbeidspartnere i Rom for Dans
Med i samarbeidet er også Rom for Dans, ein kunstnarstyrt arena for det norske dansekunstfeltet i tillegg til at dei driv Høyskolen for dansekunst. Rom for Dans har valt ut norske utøvarar til skapinga av Maur for DKS, og gjer at elevane får møte dyktige, profesjonelle og nyutdanna, flotte dansekunstnarar i Maur.
Maurene vert snart å sjå på din skule!
Med den norske forestillinga Maur vil elevar i DKS få ein ny type kunstoppleving, og det er berre å gle seg til maurene kjem kravlande fram på din skule!
Les meir
For turnéplan og meir info om forestillinga, sjå her: https://www.denkulturelleskolesekken.no/utforsk-produksjoner-i-dks/?produksjon=6307
For meir info om Rom for dans, sjå her: https://romfordans.no/
For meir info om Polyglot, sjå her: https://polyglot.org.au/
For eit lite glimt av korleis maurene kan sjå ut: https://www.youtube.com/watch?v=hoe7JZTmDRg