Filmhjelp / Filmhjelp yrkesfag / Filmhjelp tilrettelagt
Frå idé til ferdig film!
Filmverkstad der elevane får vere med på ei reise frå idé til eigen, ferdig film.
Skulane kan velja mellom tre ulike Filmhjelp-variantar:
Filmhjelp (ein skuledag)
Elevane får ein innføring i filmteori og idéskaping, før dei sjølve skal skapa produsera sine eigne idear, som dei igjen skal filme og redigere. Opplegget er særleg spissa mot fiksjonsfilm.
Filmhjelp yrkesfag (ein skuledag)
Vi flyttar oss ut frå klasserommet og møter elevane der dei er – på verkstaden, i kjøkkenet, i frisørsalongen osv. Elevane skal lage tutorials (instruksjonsfilmar) knytt opp til sitt fagfelt.
Sjølv om dette er ein filmverkstad som handlar om elevane sine eigne yrkesfag, vil dei også få god innsikt i historieforteljing, dramaturgi, bildekomposisjon, foto og redigering.
Filmhjelp tilrettelagt (to skuledagar)
Filmhjelp besøker tilrettelagt-linjer for å skapa ei oppleving saman kor film og kvardagen til elevane er i sentrum. Utøvarane stiller med profesjonelt kamera og lydutstyr.
Gjennom to dagar dokumenterer elevane saman med Filmhjelp-gjengen dei ulike aktivitetane dei er med på. Det kan til dømes vere oppgåver elevane har, rutinar som er viktige for elevar og lærarar, og kva som skapar glede og engasjement i elevgruppa. Det heile kulminerer i ein film på 5-10 minuttar som fortel kven elevane er og kva dei gjer i skulekvardagen sin.
Alle verkstadene blir avslutta med felles filmvisning.
Nyttig informasjon
keyboard_arrow_downVarigheit
5 time(r) (Ein skuledag (Filmhjelp, Filmhjelp yrkesfag) / to skuledagardagar (tilrettelagt))
Trong for berehjelp eller anna lokal hjelp
Nei
Stad
Sjå kalendar
Tid opprigg
15 minutt
Tid nedrigg
15 minutt
Arena/rom
Klasserom, Auditorium eller lignande
Antall utøvarar
3
Treng scene
Nei
Treng blending
Nei
Treng el-uttak
Nei
Ynskjer til lokal arena
Projektor og lyd
FILMHJELP OG FILMHJELP YRKESFAG
Eitt av hovudpremissa til Filmhjelp er at det skal vere gratis for elevane å lage film. Elevane bruker det utstyret dei allereie har tilgjengeleg (mobil, nettbrett, pc osv.), og redigerer i gratis redigeringsprogram.
Viktige grunnpilarar:
- Gi elevane grunnleggande filmkunnskap
- Mogleggjere filmproduksjon på eksisterande utstyr
- Delingskultur, opphavsrett og konsekvenstenking
Gjennom kurset gir Filmhjelp også skulane ei hjelpande hand med å nå digitale kompetansemål.
FILMHJELP TILRETTELAGT
Viktige avklaringar i forkant:
- Få ein klar oversikt over kva for elevar som kan vere på kamera og ikkje. Få dette skriftleg frå føresette før Filmhjelp kjem til skulen.
- Vi tek personvern på alvor. Alt videomateriale blir sletta til slutt, og lærar disponerer filmen vidare.
- Lærar må vere til stades. Utøvarane skal aldri vere åleine med elevane, og ønskjer å skape ein god relasjon til elevane og eit trygt rom å vere i.
Kva skjer desse dagane?
DAG 1:
- 1. time: Etablere ein relasjon med elevane. Vi bruker ein time på å bli kjend med elevane slik at dei blir trygge på oss, og vi får vite kva dei held på med.
- 2-3. time: Filmhjelp lagar tre crew, der kvart crew består av ein frå filmhjelp og 1-3 elevar. Kvart crew filmar ulike aktivitetar/undervisningsopplegg. Elevane kan velje om dei vil bidra framfor eller bak kamera.
- 3-4. time: Filmhjelp samlast på eit grupperom og startar redigeringsøkta. Her kan dei elevane som er interesserte i filmskaping og redigering følgje økta slik dei ønskjer. Dei kan kome og gå frå rommet som det passar dei. Vi rundar av dagen.
DAG 2:
- 1. time: Vi møter elevane og startar dagen med å undersøke kva dei synest vi manglar av videomateriale.
- 2. time: Vi filmar det som måtte mangle.
- 3. time: Filmhjelp redigerer siste biten av materialet som har kome inn. Her treng vi kanskje rommet for oss sjølve for å ferdigstille filmen. Det er også morosamt at elevane ikkje har sett alt, slik at det blir ei kjensle av premiere når vi viser den i auditorium/kino.
- 4. time: Vi har premiere! Oppsummerer det vi har gjort saman og får ei fin avslutning på dagane vi har hatt. Takkar for oss.
Utøvarar og produsentar
keyboard_arrow_downArrangert av
Vestland fylkeskommune
Produsert av
Utøvarar
Andreas Altermark
Eirhild Bruvoll Alme
Bjørn Anders Nymoen
Andre medverkande
Gruppenamn
Filmhjelp
Idé/opplegg
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Kopling til læreplanverket
keyboard_arrow_downProduksjonen kan bidra til:
- at elevene lærer og utvikler seg gjennom sansning og tenkning, estetiske uttrykksformer og praktiske aktiviteter. ( 1.4 Skaperglede, engasjement og utforskertrang )
- å la elevene utfolde skaperglede, engasjement og utforskertrang, og la dem få erfaring med å se muligheter og omsette ideer til handling ( 1.4 Skaperglede, engasjement og utforskertrang )
- å stimulere barn og unges ønske om å oppdage og skape. ( 1.4 Skaperglede, engasjement og utforskertrang )
Kontakt
keyboard_arrow_downKontaktperson i Den kulturelle skulesekken
Arnhild Kannelønning, tlf: +47 48 20 25 34, e-post: arnhild.kannelonning@vlfk.no
Kontaktperson utøvar
Andreas Altermark, tlf: +47 90 57 28 77, e-post: andreas.altermark@gmail.com
Uttrykksform
Målgruppe
VG1. – VG3. trinn
Turnéplan
Varigheit
300 minutt
Ein skuledag (Filmhjelp, Filmhjelp yrkesfag) / to skuledagardagar (tilrettelagt)
Stad
Sjå kalendar
Skuleår
2025/2026
Arrangert av
Vestland fylkeskommune
