22. juli – Vestland
Historia om 22. juli for ein ny generasjon
22. juli – Vestland er eit dokumentarisk forteljarteater om dei seks ungdommane frå Vestland fylke som vart drepne på Utøya. Hanne, Kevin, Silje, Monica, Tarald og Tore var i alderen 15 til 21 år. I 2026 er det 15 år sidan angrepet. Dei som blei fødde i 2011 vil då vere like gamle som den yngste av dei drepne. Korleis ser eigentleg tragedien 22. juli ut for dei som er 15 år i dag? Korleis snakkar dei om angrepet? Og kva har skjedd med forteljinga om 22. juli i løpet av dei 15 åra som har gått?
Vi seier gjerne at vi “ikkje må gløyme” 22. juli. Men kva er det vi eigentleg skal hugse? Er det individa som vart råka? Rosetoga? Eller bakgrunnen og motivasjonen for sjølve angrepet? Kva skal eigentleg historia om 22. juli vere?
Framsyninga rommar desse spørsmåla og perspektiva, og vi kjem tett på dei som vart drepne og det som førte dei til Utøya. Eit ubehageleg faktum er at fleire av dei som overlevde angrepet har blitt utsett for hets, noko som har ført til sjølvsensur. I framsyninga vert også Anders omtala - mennesket som utførte noko vi nesten ikkje kan fatte - og som bar på politiske idear han deler med ei stor gruppe menneske kring om i verda.
Framsyninga prøver å skildre historia om 22. juli for ein ny generasjon og bidra til at elevane forstår at det ikkje var snakk om “ei ulukke” eller “ein naturkatastrofe” - men ei målretta, politisk motivert handling som tok livet av ufattelege 69 menneske på Utøya.
Nyttig informasjon
keyboard_arrow_downVarigheit
1 time(r) og 10 minutter
Stad
Det Vestnorske Teateret – Logen
Antall utøvarar
6
OM HANDLINGA
Handlinga tek utgangspunkt i intervju med ulike personar som var tett på tragedien. Familiane og venene til dei seks drepne er ei hovudkjelde. Det same er overlevande som var på Utøya. Handlinga kjem til å spele seg ut langs fire motiv, og i framsyninga vekslar ein mellom desse motiva:
Motiv 1:
Den personlege historia til dei seks personane frå Vestland som blei drepne. Her kjem vi tett på offera. Vi får detaljar frå liva deira som ein ikkje kan lese seg til. Kva var det som gjorde at dei engasjerte seg i politisk arbeid?
Motiv 2:
Fredag 22.juli. Her går vi detaljert - men varsamt - inn i kva som faktisk hende med dei seks som miste livet. Kvar døydde dei? Korleis vart dei drepne?
Motiv 3:
Tida etter angrepet. Refleksjon og raseri. Korleis har det vore å leve vidare, både som pårørande og partikollega? Er 22. juli over?
Motiv 4:
Dei neste 15 åra frå no. Kvar står vi om 15 nye år? Sit Breivik framleis i fengsel? Har vi opplevd ei ny, liknande tragedie? Har vi ei felles forståing av kvifor angrepet skjedde? Gjennom å klippe mellom dei fire motiva, vert det skapa uventa og tankevekkande perspektiv gjennom etablering av metaforiske og poetiske refleksjonsrom.
EI DOKUMENTARISK FORM
22. juli – Vestland har ei nøktern, dokumentarisk form, med fokus på dei personlege forteljingane (menneska). Dei audiovisuelle verkemidla er tilpassa materialet og målgruppa. Innhaldet er i seg sjølv så sterkt at lyd og lys ikkje treng å spele ei hovudrolle.
Grufulle detaljar vert ikkje eksplisitt synt fram eller omtala. Forma er roleg og gjennomsiktig utan sjokkeffektar, men ta pulsen på det emosjonelle innhaldet, samstundes som det vert skapt rom for refleksjon.
ROM FOR REFLEKSJON
Etter at elevane har sett framsyninga, ønskjer vi at dei skal reflektere over tragedien, og dei personlege og samfunnsmessige kostnadene. Kvifor har dei overlevande fått så mykje hets og kritikk? Korleis var mogeleg for ein einsleg mann å valde så stor skade - og skadar han oss framleis? Er tankegodset som låg til grunn for angrepet framleis levande i samfunnet?
Vi vil at elevane skal kjempe for at Noreg aldri opplever eit nytt 22. juli igjen.
Utøvarar og produsentar
keyboard_arrow_downArrangert av
Vestland fylkeskommune
Produsert av
Det Vestnorske Teateret
Utøvarar
Andre medverkande
Kunstnarleg lag
Framsyninga er basert på intervju med pårørande og overlevande.
Framsyninga er produsert av Det Vestnorske Teateret.
Manus og regi: Vibeke Flesland Havre
Scenografi: Olga Regitze Dyrløv Høegh
Lysdesign: Silje Grimstad
Lyddesign: Gunnar Innvær
Med: Carina Furseth, Thomas Bye, Josva Bereket George Kiserud
Gruppenamn
Det Vestnorske Teateret
Idé/opplegg
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Meir info om stykket og skodespelarane: https://www.detvestnorsketeateret.no/kalender/22-juli-vestland-teater-bergen-vaar-2026/
Kopling til læreplanverket
keyboard_arrow_downProduksjonen kan bidra til:
- at elevane og lærlingane utvikler kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. ( Formålet med opplæringen )
- at elevene lærer å løse konflikter på en fredelig måte. ( 1.6 Demokrati og medvirkning )
- at vår estetiske sans utvikles i møte med ulike kulturelle uttrykk, og de bidrar til å løfte fram nye perspektiver. ( 1.4 Skaperglede, engasjement og utforskertrang )
- å fremme demokratiske verdier gjennom aktiv deltakelse. ( 1.6 Demokrati og medvirkning )
- å fremme demokratiske verdier og holdninger som motvekt mot fordommer og diskriminering ( 1.6 Demokrati og medvirkning )
- å gi elevene kunnskap om demokratiske verdier og holdninger som motvekt mot fordommer og diskriminering. ( 1.1 Menneskeverdet )
- å gi innsikt i vår historie og kultur. Denne innsikten er viktig for utvikling av elevenes identitet og skaper tilhørighet til samfunnet. ( 1.2 Identitet og kulturelt mangfold )
- å vise mangfold og innsikt i hvordan vi lever sammen med ulike perspektiver, holdninger og livsanskuelser. ( 1.2 Identitet og kulturelt mangfold )
Kontakt
keyboard_arrow_downKontaktperson i Den kulturelle skulesekken
Arnhild Kannelønning, tlf: +47 48 20 25 34, e-post: arnhild.kannelonning@vlfk.no
Kontaktperson utøvar
Irene Smørdal, tlf: +47 90 68 29 20, e-post: irene@detvestnorsketeateret.no
Solfrid Glesnes, tlf: +47 91 52 50 79, e-post: sol@detvestnorsketeateret.no
Uttrykksform
Målgruppe
VG1. – VG3. trinn
Turnéplan
Opne kalendar
Varigheit
70 minutt
Tidsramma for framsyninga er stadfesta til å vera 70 min. etter gjennomført premiere
Stad
Det Vestnorske Teateret – Logen
Skuleår
2025/2026
Arrangert av
Vestland fylkeskommune
