For utøvarar

For utøvar

Ein god ambassadør!

  • På turné er utøvarane representantar for Vestland fylkeskommune.
  • Det er forventa at utøvarane opptrer som gode rollemodellar.
  • Det er viktig å vere imøtekommande og innstilt på å finne gode løysingar.

DKS er ei nasjonal satsing finansiert gjennom overskot frå Norsk Tipping og bidrag frå kommunar og fylkeskommunar.  Vestland fylkeskommune, ved seksjon for kulturformidling, administrerer satsinga i Vestland. Kvar kommune har i tillegg si lokale DKS-satsing.

Under finn du informasjon frå seksjon for kulturformidling til utøvarar på turné i Vestland:

Turnéplanar
Utøvarane finn til ei kvar tid oppdaterte turnéplanar på nettsida til Den kulturelle skulesekken Vestland.

Kontakt med skulane
Kvar skule har ein kulturkontakt som er utøvarane sin kontaktperson. Utøvarane skal kontakte skulane i forkant av besøket for å sikre seg at besøket vert så bra som mogleg. Ei veke til eit par dagar før. Utøvar skal alltid undersøkje med skulane om dei har elevar med særskilde behov, og avtale deretter. I tillegg sender kulturseksjonen påminning til skulane via e-post, og følgjer opp på telefon om naudsynt.

Reise, diett og overnatting
Seksjon for kulturformidling bestiller reise til/frå Vestland etter avtale med utøvarane. Vi bestiller all overnatting og sender reiserute med oversikt over hotell før turnestart. Om utøvarane ønskjer å endre overnattingsstad undervegs, skal det skje via seksjon for kulturformidling v/kontaktpersonen for turneen. På turné får utøvarane dekka reise og diett etter statens satsar. Utbetaling skjer i etterkant av turneen. Om utøvar fører noko på hotellrommet må han/ho hugse å gjere opp ved utsjekk.

Sjå elles om dette i kontrakten for turneen.

Leigebil
Etter behov tingar seksjon for kulturformidling leigebil. Følgjande vilkår gjeld ved bruk av bil leigd av kulturseksjonen:

  • Utøvarane skal alltid sjekke bilen for skader ved mottak / levering og melde frå til utleigar.
  • Leigebilen skal leverast tilbake i same stand som då han vart tatt i bruk.
  • Vert bilen levert tilbake til utleigar utanom opningstid t.d. parkert på flyplass, parkert hos utleigar og nøkkel levert i postkasse eller liknande, skal utøvarane om mogleg ta bilete av bilen for å dokumentere kva stand den er i. Bileta skal sendast til kulturavdelinga v/kontaktperson for turneen. Dette er for å sikre at kulturavdelinga ikkje vert belasta for skader/hærverk som blir gjort på bilen etter at utøvarane har levert han.
  • Eventuell privat bruk av leigebil (til utflukter, sightseeing, private besøk og liknande) skal avklarast med kulturseksjonen på førehand. Det vert i kvart enkelt tilfelle vurdert om utøvarane sjølve skal betale for slik bruk.
  • Ved privat bruk av leigebil må utøvar sjølv dekke eigenandel ved skade.
  • Eventuelt tjuveri eller skade på bil/utstyr skal snarast meldast til seksjon for kulturformidling. Dersom bilen vert skada, må utøvarane fylle ut skademelding.

Økonomi
Seksjon for kulturformidling skriv kontrakt med utgangspunkt i gjeldande rammeavtale for oppdrag i DKS. 

Forsikring og skade
Utøvarane må sjølv syte for at utstyr/instrument er forsikra.

Meir informasjon: