Ein gut i blå gensar målar på eit papir.
Bilde frå prosjektet "Kulturbarn 0-8" i Kulturtanken

Vedtak av DKS-programmet 2023/24

Vestland fylkeskommune har avgjort kva produksjonar vi ønskjer å tilby i programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) neste skuleår. Elevar i grunnskule og vidaregåande skule over heile fylket får eit variert tilbod når vi byr på opplevingar innan film, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst og kulturarv.

For skuleåret 2023/24 fekk Vestland fylkeskommune 1178 forslag til produksjonar til DKS-programmet. Programmet vart vedteke 21.03.2023.

For deg som er utøvar

Alle framleggsstillarar/utøvarar vil få melding om at dei kan logge seg inn i DKS-portalen og sjå status for sin produksjon.

Logg inn i DKS-portalen og sjå status på din/dykkar produksjon.

  • Gå inn på “Dine framlegg”.
  • Klikk deg inn på det aktuelle framlegget.
  • Sjå endeleg status.

Saksframlegg

Du kan lese saksframlegga her:

Om DKS og arbeidet med programmet

Du kan lese meir om DKS og om korleis vi jobbar fram DKS- programmet og kva kriterium vi arbeider etter på Vestland fylkeskommune sine nettsider.

For meir informasjon

Charlotte Espeland
Koordinator, Den kulturelle skulesekken Vestland
Charlotte.Espeland@vlfk.no
489 95 606