Bilde frå framsyninga "Lekene slår tilbake". Foto: David Zadig.
Frå framsyninga "Lekene slår tilbake". Foto: David Zadig.

Forslag til DKS-programmet for 2023/24

Vestland fylkeskommune fekk inn 1178 forslag til programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) for skuleåret 2023/24. Om lag 80 av desse vil bli tatt inn i DKS-program i grunnskulen og vidaregåande skule i fylket for komande skuleår.  

Støtte til utvikling av nye DKS-produksjonar

Nytt av i år er at ein også kan søkje om støtte til utvikling av nye DKS-produksjonar. Vestland fylkeskommune sin målsetting med tildeling av midlar til utvikling av nye produksjonar er å oppnå større variasjon og mangfald i DKS-programmet, både når det gjeld type kunstuttrykk, tema og form. Blant dei innmelde forslaga er det fleire som har søkt om støtte til utvikling.

Prosedyrar for handsaming av innkomne forslag

Alle utøvarar kan sende inn forslag til Vestland fylkeskommune sitt DKS-program. Faggrupper med representantar frå både kultur- og skulesektoren medverkar i arbeidet med å vurdere produksjonane. I arbeidet med programmet til vidaregåande skule samarbeider avdeling for kultur og folkehelse med avdeling for opplæring og kompetanse, og det er sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå dei to avdelingane i tillegg til skulerepresentantar og elevar. Eit ungdomsprogramråd vel ut nokre av produksjonane som skal inngå i programmet.

Nasjonale mål for DKS ligg til grunn for arbeidet med skulesekken i Vestland fylkeskommune. I tillegg har fylkeskommunen vedtekne krav og kriterium for utvalet av produksjonar i DKS-programmet. Desse skal mellom anna sikre at programmet har variasjon i uttrykk og sjangrar, spelestad og formidlingsmåte. Dei skal også sikre at programmet har særleg vekt på regionale og lokale utøvarar, og at ein høg del produksjonar er på nynorsk og ulike målføre. Kriteria skal også sikre at det er god balanse mellom frilansutøvarar/frie grupper og større kunst- og kulturinstitusjonar i programmet.

Vestland fylkeskommune vektlegg følgjande uttrykk i programmeringa:

  • 1.–4. trinn: musikk, litteratur
  • 5.–7. trinn: visuell kunst, scenekunst, musikk
  • 8.–10. trinn: film, litteratur
  • Vidaregåande skule: alle uttrykk
  • Forslag innan kulturarv får plass i ulike delar av programmet.

Meir informasjon

Charlotte Espeland
Koordinator, DKS
489 95 606
Charlotte.Espeland@vlfk.no