Illustrasjon: Anna Fiske.
Illustrasjon: Anna Fiske.

Kulturmelding for barn og unge

19. mars la regjeringa fram Noreg si første stortingsmelding om kultur for barn og unge. Meldinga har fått namnet «Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge».

DKS eit sentralt tema

Kapittel 12 handlar om Den kulturelle skolesekken. Her vert nye nasjonale mål for ordninga presentert saman med tiltak for å sikre eit likeverdig tilbod av høg kvalitet. Kapittelet går også inn på tiltak for korleis ein kan styrkje samhandlinga om og organiseringa av ordninga.

Les stortingsmeldinga og sjå lanseringsending.