Illustrasjon om prosjektet kulturkontakt frå Kulturtanken.
Illustrasjon kulturkontakt, frå Kulturtanken.

Kulturkontakten, ei essensiell rolle

Kulturkontakten, ei essensiell rolle

Kulturtanken har snakka med kulturkontaktar over heile landet, for å høyre korleis dei opplever å ha denne viktige oppgåva. Kva er viktig, kva er utfordrande og kva er kjekt?

Kulturkontakt og rektor.
Mellom anna har dei snakka med kulturkontakt og rektor gjennom 25 år på Sande skule, Rune Kvammen. Han meiner det er vinn-vinn å kombinere dei to rollene.

Eg ser vel ikkje negative ting ved det i det heile. Det positive er at eg kan førebu framsyningane på ein slik måte at alle partar vert nøgde

Kvammen seier også at det er viktig at ein førebur seg til opplegget, og at ein bearbeidar det i etterkant, så besøket ikkje berre blir eit morosamt avbrekk.

Les heile intervjuet.
Du kan lese heile intervjuet med Rune Kvammen og intervju med andre kulturkontaktar frå heile landet på Kulturtanken si samleside for kulturkontaktar.