Ein gut i blå gensar målar på eit papir.
Bilde frå prosjektet "Kulturbarn 0-8" i Kulturtanken

Kulturbarn 0-8

Rapporten frå prosjektet “Kulturbarn 0-8” vart lagt fram 24. mars. Her presenterer ein suksessfaktorane og erfaringane frå dei seks kulturbarn-kommunane, mellom anna Sunnfjord kommune og Øygarden kommune.

Kommunane i prosjektet har jobba med korleis ein kan formidle kunst og kultur til barn i alderen 0 til 8 år. Seks kommunar har delteke i prosjektet som skal styrke kunst og kultur til de yngste barna. Prosjektet sitt overordna mål er betre samarbeid i kommunane og finne måtar å bruke den kunst- og kulturfaglege kompetansen på tvers av institusjonane.

Kunstfag, visuelle kunstfag og folkemusikk.
I Sunnfjord kommune har kulturskulen gjennom prosjektet Kulturbarn 0–8 testa ut tre ulike kunstfag i fire barnehagar. Barna er med og samskaper, slik blir dei kulturaktive gjennom song, bevegelse, tekstskaping og kunstuttrykk.

Barna har òg besøkt kulturskulen for å jobbe med visuelle kunstfag. Det blir utvikla metodar for dette arbeidet, slik at det enkelt kan vidareførast i andre barnehagar. Lokale kunstnarar og kunstformidlarar kan byggje relasjonar i barnehagane og hjelpe barnehagepedagogane med råd og innspel. Felles nærmiljø gjer det dessutan enklare å halde relasjonar ved like, for eksempel gjennom barnehagebesøk, kulturskole, bibliotekarrangement osv.

Sentralt i arbeidet til kulturskolen står den lokale folkemusikken, folkesongen og forteljingar på nynorsk. Slik blir barna tidleg kjende med lokal kulturarv og byggjer identitet og tilhøyrsel i lokalsamfunnet.

Nasjonalt samarbeid.

«Kulturbarn 0-8» er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Norsk kulturskoleråd og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen.

Les rapporten og sjå lanseringa

Du kan sjå lanseringa på Kulturtanken sine nettsider.

Klikk på knappen under for å komme til Kulturtanken si samleside for kulturbarnprosjektet, og for å lese rapporten.