Grøn illustasjon frå prosjektet "Meir nynorsk i DKS!"

Gullbillettane er delte ut!

Av over sytti søknadar er sju produksjonar valt ut i prosjektet “Meir nynorsk i DKS”.

Det er juryen, leia av vår eigen Øyvind Høstaker, som har gjort det endelege valet, men dei har fått god hjelp av eit breitt samansett fagpanel. Kva dei har sett etter og korleis dei har jobba kan du lese meir om på Kulturtanken sine nettsider.

Dei som er plukka ut er:

  • Sandra Kolstad
  • Good Time Charlie
  • Belinda Braza
  • Geir Egil Eiksund
  • Martine Grande
  • Dordi Strøm
  • Anders Totland

Les meir om utøvarne

Vinnarane får eit økonomisk tilskot til produksjonsmidlar og eit kunstnarleg opphald på Seanse i veke 32. I forkant av opphaldet vert utøvarane inviterte til ei rekkje arbeidsseminar og nettverksmøter for å sikre dei eit godt fagleg innhald over tid og høve til å bli kjende med kvarandre. Opplegget blir organisert av Kulturtanken i samarbeid med Seanse og Nynorsksenteret, og vil gi rettleiing i god språkbruk, ulike formidlingsmetoder og forankring i fagfornyinga.

Målet med ordninga har vore, og held fram med å vere, å auka talet på gode nynorskproduksjonar i Den kulturelle skulesekken. Prosjektgruppa, fagpanelet og juryen oppmodar resten av søkarane og andre til å sende inn sine forslag til neste skuleår når DKS-portalen opnar 15. august.


Nynorskprosjektet er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.