Tre personer smiler og holder kamera og mikrofon.
Norge Rundt-programleiar, Rushda Syed gjer opptak på Nutheim i Flatdal tysdag. Ho får kyndig hjelp av kollegaene Trond Baugestad (t.v.)og Dag Indrebø.

Norge Rundt sender frå DKS-tilbod

Det populære NRK-programmet Norge Rundt har vald å sende programmet frå DKS-tilbodet “Spikk!- Sjølvportrett og ramme”. Sjå det fredag!

Norge Rundt sender fredag frå Den kulturelle skulesekken i Vestfold og Telemark. Det er Nutheim Kunstsenter i Flatdal som er arena, og tilbodet “Spikk! – Sjølvportrett og ramme” er plattforma for sendinga. 

PÅ LUFTA FREDAG. Norge Rundt-programleiar, Rushda Syed gjorde opptak på Nutheim i Flatdal tysdag. Ho fekk kyndig hjelp av kollegaene Trond Baugestad (t.v.)og Dag Indrebø. Foto: Anne Hermansen

Stas at dei valde oss

– Norge Rundt er framleis eit av dei mest populære programma til NRK, og vi i Den kulturelle skulesekken synest det er stas at dei har vald å lage program frå eit av våre tilbod, seier Anette Storli Andersen. Ho er teamleiar for Den kulturelle skulesekken i Vestfold og Telemark. 

Vidaregåande-tilbod

“Spikk! – Sjølvportrett og ramme” er eit tilbod til nokre vidaregåande klasser. Tysdag var det elevar frå kunst, handverk og arkitekttur ved Porsgrunn videregående skole som fekk tilbodet. Dermed er det dei elevane vi møter i beste sendetid på fredag. 

Les meir om “Spikk! – Sjølvportrett og ramme” her.