SPIKK! - Sjølvportrett og ramme

Ei innføring i tresnitt og tradisjonshandverk

arrow_back Produksjoner

Me har planlagt eit opplegg med utgangspunkt i kapasitetar og tradisjonar som finst rundt Nutheim gjestgiveri. Kunstnarar har i godt over 100 år reist hit for å dykke ned i ein rik og autentisk bygdekultur. Kva denne kulturen var, og er, er eit komplisert spørsmål, men me vil freiste å leggje til rette for eit intenst møte med kultur og landskap, tradisjonar og teknikkar som er typiske for staden.

Kursforslaget er laga for 15 elevar, fordelt på 2 ulike kurs: Tradisjonshandverk og tresnitt. Alt går føre seg i området rundt Nutheim gjestgiveri, som og vil fungere som lunsjrestaurant og samlingspunkt.

Dette er viktig:
1. 
at elevane får delt ut eit eksemplar av introduksjonsskrivet om tresnitt. Sjå vedlegg.

2. elevane kjem til å jobbe med kolstift, høvlar, trykksverte mm. og dei bør vere kledde i praktiske arbeidsklede

3. det er viktig at tidsramma blir halde for at alle aktivitetar kan gjennomførast. Dette er eit opplegg som blir best med ro i arbeidsprosessane.


Varighet

5 timer (1 dag: 2 arbeidsøkter på 2,5 t med lunsj i mellom.)

Sted

Nutheim – Gjestgiveri

Maks publikumsantall

30

Antall utøvere

3

Nutheim Gjestgiveri står for lunsjservering til alle tre gruppene. Nutheim har i over hundre år vore drive av den same familien og har slik sett ei ubroten tradisjonslinje attende til tida då dei kjende målarane budde der. Eit måltid på Nutheim er slik sett og eit gløtt inn i kunsthistorien.

Transport: Skolen bestiller selv buss og ber busselskapet om å sende faktura i EHF-format til Vestfold og Telemark fylkeskommune (org nr. 821 227 062). Faktura må merkes med 43100 i feltet deres ref. og med 4313417 i tekstfeltet.

 

Arrangert av

Vestfold og Telemark fylkeskommune

Produsert av

Ånond Versto og DKS Vestfold og Telemark

Utøvere

Håkon Fjågesund

Torhild Grøstad

Borghild Telnes

Andre medvirkende

Solveig Barstad og Ellen Grøstad Barstad står for lunsjservering. Ånond Versto koordinerar prosjektet.

Gruppenavn

Nutheim kunstsenter

Idé/opplegg

Ånond Versto

Om kunstner / utøver / gruppe

Tradisjonshandverket

Håkon Fjågesund er, trass sin unge alder, ein heilt sentral kapasitet i tradisjonelt bygghandverk i Telemark. Han arbeider fyrst og fremst med restaurering av gamle bygg, men og med nye prosjekt, som t.d. rekonstruksjon av stavkyrkjeportalar, båtbyggjing m.m. Han har stor innsikt i treverk og i samanføyingsteknikkar, som f.eks tradisjonell dørmaking, profilhøvling, lafting m.m. I dette kurset vil Håkon leie elevane gjennom ein dag med foredling av treverk frå ubehandla emne til profilert rammelist. Kvar elev vil reise heimatt med si eiga, handhøvla og profilerte ramme. Dette er, i tillegg til innramming av bilete, den same metoden som blei bruka til å lage vindaugs- og dørlister i tidlegare tider, og vil auke kunnskapen til elevane om tradisjonelt bygghandverk generelt. Tradisjonshåndtverket innanfor trearbeid var og er ein høgt skatta del av kulturen i øvre Telemark, då det er eit område med eksepsjonelt mange bevarte middelalderbygg i tre. Dette var og med på å trekkje kunstnarane oppover til fjellbygdene, og dei klassiske «telemarksmotiva» innanfor målarkunsten inkluderer ofte den  karakteristiske byggeskikken i form av tømmerhus, interiør frå stoger osv.

 

Tresnittet

Kunstnaren Terje Grøstads grafikkverkstad blir åstad for det tredje kurset, der elevane får ei innføring i tresnittet som kunstform. Tresnittet er på sett og vis ein fusjon av målarkunst og treskjering, og står slik sett midt i mellom tradisjonshandverket og friluftsmåleriet. Det var dermed eit perfekt folkeleg medium som blei for mange av kunstnarane i Nutheimkretsen ein måte å gjera kunsten tilgjengeleg for alle på, og slik opne for ein marknad hjå folk med vanlege inntekter. Dermed blei det og ein leveveg for fleire. Det var lite utstyr som skulle til, og som utgangspunkt kunne ein nytte omtrent kva som helst av flatt treverk. Terje Grøstad blei etterkvart ein av dei fremste representantane for det reindyrka tresnittet. I verkstaden hans står prototypen på Flatdalspressa, ei svært mykje nytta trykkpresse som blei produsert i Flatdal etter Grøstads teikningar.

Torhild Grøstad, biletkunstnar og dotter til Terje, vil gje elevane ei innføring i denne teknikken, som ho har vakse opp med og kjenner ut og inn. Sjølvportrettet blir motivet i dette kurset. Elevane blir utstyrde med spegel, ei trykkplate i tre, eit utval av treskjerarjern, trykkpapir og trykkfarge. Eit teikna sjølvportrett blir utgangspunkt for eit enkelt tresnitt, der det blir lagt vegt på linjer, flate og trestruktur. Fargeskalaen blir halden enkel, i svart/kvitt pluss ein bakgrunnsfarge.

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Marius Strangård Baun, tlf: +47 920 12 492, e-post: marius.baun@vtfk.no

Thorild Osdalen, tlf: +47 996 20 972, e-post: thorild.l.osdalen@vtfk.no

Produsent/fagansvarlig

Marius Strangård Baun, tlf: +47 920 12 492, e-post: marius.baun@vtfk.no

Kontaktperson utøver

Ånond Versto, tlf: +47 922 07 153, e-post: anondversto@gmail.com