Bilde frå produksjonen "We come from far away" på Teaterfestivalen i Fjaler 2020. Foto David Zadig.
Foto frå framsyninga "We come from far away" på Teaterfestivalen i Fjaler 2020. Foto: David Zadig.

Nytt verktøy for tilbakemeldingar frå elevar

Kulturtanken har lansert eit nytt verkty for tilbakemelding på DKS-produksjonar, for elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

Verktøyet er tilgjengeleg for alle 5.–10.-klassar gjennom DKS-portalen. Kulturkontakten ved skulen mottek ein e-post med lenkje til skjemaet tre dagar før ein DKS-turné startar. Lenka kan ein dele vidare med lærarane, som enkelt kan vise skjemaet på storskjerm i klasserommet. Elevane kan logge seg inn med nettbrett eller PC via QR-kode eller kode på nettsida mening.dks.no.

Du kan lese meir på Kulturtanken sine nettsider: https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2024/nytt-verktoy-for-elevtilbakemeldinger-i-dks/.