Helge Halloweenmannen Helge Tverdal og Frida Winther held kulturvertkurs. Foto: Kristin Berge

Nye kulturvertar er klare for besøk

Elevar i Telemark får kurs i korleis dei skal ta imot kunstnarar og musikarar som kjem på besøk. Dei blir engasjerte kulturvertar.

– Det viktigaste er at de er engasjerte, for engasjement smittar, seier Frida Winther som har kurset for elevar i Porsgrunn. Ho held kurset i lag med Helge Halloweenmannen Tverdal.

– Både medelevar, lærarar og kulturkontaktar treng å bli smitta av engasjementet dykkar, legg ho til.

Før, under og etter

Kvar skule har helst fire kulturvertar, og den rolla varer som regel alle tre åra på ungdomsskulen.  

Kulturkontakten har viktig jobb både før, under og etter arrangementet. Det er viktig at utøvarane føler seg velkomne, at dei blir tatt imot og at alt er på stell. Det krev mellom anna marknadsføring i forkant, rigg av rom, bærehjelp og ryddehjelp.

På Kulturtanken sine heimesider kan du sjå film som fortel deg korleis du skal vere som kulturvert

KLARE FOR BESØK: Mari Stenhjem Berge og Aron Andersen er nykursa kulturvertar ved Vestsiden skole i Porsgrunn. Foto: Kristin Berge

– Hugs kaffi!

– Og veldig viktig: kaffi til utøvarane er heilt nødvendig! By gjerne på kaffe, te, vatn og kanskje frukt eller kjeks, tipsar kurshaldarane.

– Vær på tilbodssida, og spør om dei treng hjelp til både rigging og rydding.

I brosjyra elevane får med seg, står det: «Som kulturvert er det du som sørger for at utøveren har det bra mens de er på besøk hos dere».

Sjå den nyttige brosjyra for kulturvertane her.

SMIL TIL KAMERA: Nokre kjappe tips til korleis ein skal ta bilete av artistar får ein på kurset. Foto: Kristin Berge

Alle ungdomsskulane

I løpet av åtte dagar blir elevar ved alle ungdomsskular – i det som igjen blir Telemark – kursa av Frida og Helge. Dei er rett og slett på ein kurs-turne.

I løpet av kursdagen får deltakarane også prøve å snakke i mikrofon, og ønske gjesten Helge Tverdal velkommen. Siste leksjon på kursdagen er små fototips.

– Vi vil gjerne at kulturverten publiserer litt i etterkant, om det er på eigne sosiale medium, skulens nettside eller om bilete og litt tekst blir sendt til Den kulturelle skulesekken, foreslår Frida.

MIKROFONTRENING: Skal ein vere konferansier er det greit å ha prøva ein mikrofon før. Foto: Kristin Berge