MFM 2019_Fløytemannen_foto Kulturtanken/Knut Sørhusbakken
Foto: Kulturtanken/Knut Sørhusbakken

Programslepp: Inviterer til 207 kulturtilbod

I løpet av hausten skal 207 ulike kulturopplevingar gjere dagen rikare for barn og unge i fylket vårt. Den kulturelle skulesekken er i gang alt i august.

– ­Alle kommunane har sitt eige tilbod via Den kulturelle skulesekken, mens 33 av opplevingane er tilbod frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, seier Anette Storli Andersen, som leiar skulesekk-ordninga på fylkesnivå.

Sjå programmet for skuleåret 2023/24 her

Seks ulike uttrykk

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skulelevar får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år. Ordninga har vart sidan 2001.

– I Vestfold og Telemark fylkeskommune har vi utvida ordninga til å gjelde i barnehagane også. Telemark tok med seg denne ordninga inn i Vestfold då vi blei eitt fylke, seier Andersen.

Den kulturelle skulesekken byr på dei seks kulturuttrykka film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.

Sjå video om Den kulturelle skulesekken

Minst to tilbod i året

Fylkeskommunen er ansvarleg for regional koordinering og programmering, men kommunane har også sine eigne program.

–  I løpet av skuleåret får alle elevane oppleve minst to kulturuttrykk frå fylkeskommunen, i tillegg tilbyr kommunane sine flotte opplegg, seier Andersen.

Om vi tar Seljord kommune som eksempel, ser vi at dei får sju tilbod det komande skuleåret.
Fylkeskommunen byr på musikkproduksjonane Fløytemannen og Hyllest til Chuck Berry, filmane Skolen ved havet og Hvor er Anne Frank og teaterframsyninga Trufilotten. I tillegg kjem Gaven og Kunsten å lage drager som er tilbod innan visuell kunst.

Stort spenn

– Vi meiner vi har eit godt og variert program for skuleåret, og håpar publikummet meiner det same. Vi ynskjer det unge publikummet velkomen til fine og proffe framsyningar, seier Andersen.

Har du lyst til å finne ut kva som står på programmet for ditt barn?

På dks.no kan du søke etter fylke, kommune, skule eller produksjon