Ein gut skjer i tre
Elevar frå Medier og kommunikasjon laga eit tresnitt på Nutheim. Foto: Kristin Berge

Har gitt barn og unge 150 312 kulturmøte

Det er musikk, litteratur og kunst. Det er film, scenekunst og kulturarv. Den kulturelle skulesekken har gitt barn og unge i fylket 150 312 kulturmøte det siste skuleåret.   

TRADISJONSHANDVERK: Medieelevane laga eiga ramme til sjølvportrettet dei teikna i tilboet Spikk. Foto: Kristin Berge

– Den kulturelle skulesekken gjer at alle barn og unge opplever kunst og kultur av høg kvalitet, uansett kvar ein bur. Me har hatt 106 ulike produksjonar på vegen rundt i heile det store fylket vårt i skuleåret som nett er avslutta, seier Anette Storli Andersen. Ho er teamleiar for Den kulturelle skulesekken, DKS, i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Store publikumstal

– I alt er det altså gitt over 150 000 kulturopplevingar til barn og unge som har hatt konsert, gått på museum, opplevd kunst, sett film, teater eller dans. I alt har det vore 1 133 turnedagar og 2 253 visningar. Alle elevane får minst to tilbod i året. I grunnskulen er det over 50 000 elevar i fylket vårt, mens det på dei vidaregåande skulane er det litt over 14 600 elevar.

 Alle produksjonane er laga og utført av profesjonelle kunstnarar og formidlarar. Den kulturelle skulesekken sørger for at barn og unge får kunnskap om og kjennskap til kulturuttrykk dei kanskje elles ikkje hadde møtt, legg ho til.

Einaste med barnehagetilbod

Den kulturelle skulesekken er i utgangspunktet eit tilbod til skuleelevar i både grunnskule og på vidaregåande skule.

– Vestfold og Telemark fylkeskommune gir også tilbod til barnehagebarn. Telemark innførte denne ordninga, og nå har også alle kommunane i Vestfold takka ja. I skuleåret vi har lagt bak oss, har 14 766 barnehagebarn hatt besøk, fortel Andersen. 
I tillegg til tilboda frå fylkeskommunen, har alle kommunar eit lokalt DKS-tilbod. Ein tredjedel av midlane til Den kulturelle skulesekken blir fordelt på kommunane.

Sjå kva som er tilbodet i din kommune i skuleåret 2023/24

Nye opplevingar i kø

I skuleåret som kjem blir det nye opplevingar for barn og unge i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

I alt er det 83 ulike turnear som skal ut til det unge publikummet. Blant produksjonane er den musikalske framsyninga «Hått sa’ru» som skal vitje 1.-4. trinn i Vestfold. Framsyninga tar for seg dialektbruk, kor viktig dialekt er for identitet, mangfald og tilhøyrsle.

8.-10. trinn får eit alvorleg, viktig og spennande møte med Martine Hattestad Kveli. Ho kjem på besøk med «En pappeske med historier». Utøvaren fortel om då ho blei forlaten i ein pappask på ein togstasjon i Kina, og korleis det er å vere norsk utan å ha norsk etnisk utsjånad.
For nokre vidaregåande klasser blir det «Spikk» på Nutheim i Flatdal. Elevane lagar sitt eige sjølvportrett i tresnitt, og snekrar også ramme til bilete – eit flott innføring i tresnitt og tradisjonshandverk.

– Vi gler oss til et nytt skuleår med masse spennande tilbod på programmet, seier Andersen.

FLOTT TILBOD: Sunniva og Carl er ferdige med sine sjølvportrett, dei er to av over 14 000 vidaregåande elevar som har fått tilbod gjennom Den kulturelle skolesekken. Foto: Kristin Berge

TAL FOR SKULEÅRET 2022/23
Barnehagar: 383 arrangement, 13 766 elevar
Grunnskular: 1241 arrangement, 105 429 elevar
Vidaregåande: 516 arrangement, 31 117 elevar