Ei kvit verd 2025-26

arrow_back Produksjonar

kva vil du bli
når du blir stor?

eg vil bli
ein kvit, norsk mann

Slik opnar diktsamlinga Kvit, norsk mann, som blei tildelt både Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris 2022 for beste skjønnlitterære bok. Tematikken blir vidareført i diktsamlinga Norsk kjærleik i 2024, som blei nominert til Brageprisen.
Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge og vekse opp på den mest norske måten, men heile tida bli minna på at ein ikkje ser norsk ut?

Hadde det ikkje vore enklare om han hadde sett ut som ein kvit, norsk mann? Då ville kanskje ikkje folk spurt han om kor han eigentleg kjem frå.

Tilbys uke 7 og 10 (2026) tirsdag, onsdag og torsdag


Varigheit

45 minutter

Trong for berehjelp eller anna lokal hjelp

Stad

Sjå kalendar

Tid opprigg

5 minutt

Tid nedrigg

5 minutt

Arena/rom

Klasserom, Auditorium, Annet eller lignande

Tal på utøvarar

1

Treng scene

Nei

Treng blending

Nei

Treng el-uttak

Ja

Ynskjer til lokal arena

Trenger bare projektor og skjerm

Brynjulf Jung Tjønn blei fødd i Sør-Korea, men vaks opp som odelsgut i Sogn og Fjordane. I Kvit, norsk mann skriv han om oppveksten og draumen om å sjå ut som alle andre. Gjennom rystande og komiske situasjonar og refleksjonar, gir dikta oss innblikk i norsk rasisme, fragmentert identitet og utanforskap.

Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar – og viser kor ille det kan gå når rasismen får utfalde seg, som dei rystande dødsfalla til Arve Beheim Karlsen, Benjamin Hermansen og Johanne Ihle-Hansen.

Dette er enkle dikt på nynorsk som høver for alle aldrar.

I foredraget Ei kvit verd, fortel forfattaren om kvifor han har skrive Kvit, norsk mann og Norsk kjærleik. Det er eit personleg foredrag, kor han fortel om korleis det var å vekse opp som eit mørkhuda adoptivbarn i Norge.

Arrangert av

Agder fylkeskommune

Produsert av

Utøvarar

Andre medverkande

Gruppenamn

Brynjulf Jung Tjønn

Idé/opplegg

Brynjulf Jung Tjønn

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) har skrive fleire bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2013 vann han Brageprisen for ungdomsromanen Så vakker du er. Han blei også tildelt P2-lyttaranes romanpris 2021 for Kvar dag skal vi vere så modige.

Produksjonen kan bidra til:

  • at elevane og lærlingane utvikler kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine ( Formålet med opplæringen )
  • å fremme holdninger som ivaretar likestilling i samfunnet ( 1.1 Menneskeverdet )
  • å fremme verdier og holdninger som motvekt mot fordommer og diskriminering. ( 1.1 Menneskeverdet )
  • å gi elevene kunnskap om at likeverd er kjempet frem gjennom historien og må tas vare på og styrkes ( 1.1 Menneskeverdet )
  • å støtte skolens ansvar for å ta hensyn til mangfoldet av elever og legge til rette for at alle får oppleve tilhørighet i skole og samfunn. Vi kan alle oppleve at vi skiller oss ut og kjenner oss annerledes. Derfor er vi avhengig av at ulikheter anerkjennes og verdsettes. ( 1.1 Menneskeverdet )
  • å vise mangfold og innsikt i hvordan vi lever sammen med ulike perspektiver, holdninger og livsanskuelser. ( 1.2 Identitet og kulturelt mangfold )

Kontaktperson i Den kulturelle skulesekken

Ansvarleg planleggjar/turnéansvarleg

Ann-Kristin Bilstad, tlf: +47 48 89 97 03, e-post: ann-kristin.bilstad@agderfk.no

Barb Lamprecht Wang, tlf: +47 90 16 47 77, e-post: barb.lamprecht.wang@agderfk.no

Produsent/fagansvarleg

Barb Lamprecht Wang, tlf: +47 90 16 47 77, e-post: barb.lamprecht.wang@agderfk.no

Kontaktperson utøvar

Barb Lamprecht Wang, tlf: +47 90 16 47 77, e-post: barb.lamprecht.wang@agderfk.no

Brynjulf Jung Tjønn, tlf: +47 91 31 70 58, e-post: brynjulf@brynjulf.no