Elv på himmelen 2024-25

Tolv dikt av Jon Fosse kledd i elektronisk musikkdrakt.

arrow_back Produksjoner

Jon Fosse – den store lyrikaren, forfattaren og dramatikaren – vann Nobels litteraturpris i 2023.

Sandra Kolstad har tonesett tolv av Jon Fosses tidlause dikt, og syng dei for elevane. Dikta får tonefylgje både frå Tuva Syvertsen si hardingfele og Jonas Barsten sin elektroniske musikk.

Framsyninga er omslutta av ein lysande scenografi som forvandlar skulerommet til ein heilt annan stad. Saman med elevane vil vi vandre gjennom store tema: Kjærleik og sorg, forelsking og død. Vi håpar å skape ei oppleving av at det å vere menneske somme tider kan vere forferdeleg, men at det også kan vere heilt fantastisk.

Tilbys uke 3 og 5, 2025.


Varighet

45 minutter

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Me må ikkje ha det, men me set stor pris på berehjelp frå elevar – dette har me også god erfaring med frå tidlegare turnear, fordi det er ein fin måte å få kontakt med elevane på, frå den augneblinken me kjem til spelestaden.

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

100

Oppriggingstid

60 minutter

Nedriggingstid

45 minutter

Arena/rom

Klasserom, Gymsal, Auditorium, Aula, Annet eller lignende

Antall utøvere

4

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Ja

Ønsker til lokal arena

Me er svært fleksible når det gjeld rom og talet på elevar. Me kan spela konserten i små klasserom, eller på store kulturhus. Me har med oss ein flott scenografi, men denne kan skalerast opp og ned avhengig av rom.

Produksjonen vart i 2020 vald ut til Kulturtanken si satsing «Meir nynorsk i DKS».

Arrangert av

Agder fylkeskommune

Produsert av

Utøvere

Sandra Kolstad

Jonas Barsten

Tuva Syvertsen

Andre medvirkende

Lydtekniker

Gruppenavn

Sandra Kolstad og Tuva Syvertsen

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Sandra Kolstad har gitt ut seks kritikarroste album og turnert i både inn- og utland i over ti år.

Tuva Syvertsen er songar og fiolinist, og spelar hardingfele. Ho er for mange kjend frå Valkyrien Allstars.

Jonas Barsten er ein anerkjend trommeslagar. Han spelar mellom andre med Ary, Alan Walker og i ulike jazz-konstellasjonar.

Alle tre har turnert mykje med DKS og gledar seg til å dra ut på vegen og presentere produksjonen sin for ungdom på Agder.

Produksjonen kan bidra til:

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Ann-Kristin Bilstad, tlf: +47 48 89 97 03, e-post: ann-kristin.bilstad@agderfk.no

Ingunn Olsen Høgetveit, tlf: +47 90 96 77 03, e-post: ingunn.olsen.hogetveit@agderfk.no

Produsent/fagansvarlig

Ingunn Olsen Høgetveit, tlf: +47 90 96 77 03, e-post: ingunn.olsen.hogetveit@agderfk.no

Kontaktperson utøver

Sandra Kolstad, tlf: +47 40 60 36 39, e-post: sandra@sandrakolstad.com