Økonomi

Den kulturelle skulesekken blir finansiert av spelemidlar etter overskotet frå Norsk Tipping.

I 2022 var summen 310 millionar kroner. Midlane blir fordelte av Kulturtanken til fylkeskommunane og direktekommunane* etter ein fordelingsnøkkel som tek omsyn til geografi, demografi og infrastruktur.

Tilskotet av tippemidlar skal gå til kunst og kultur i DKS. Fylke og kommunar dekkjer sjølv administrasjon av DKS lokalt, i tillegg til at mange også legg inn ekstra midlar til produksjon. Den samla økonomien i DKS er derfor langt større enn tippemidlane. Alle tilskotsmottakarar må rapportere på bruk av midlane.

*Elleve kommunar fekk i 2022 direkte tilskot av tippemidlar frå Kulturtanken, utanom fordelinga via fylkeskommunane. Dei har då heile ansvaret for administrasjon og programmering av DKS for grunnskulen lokalt, og blir kalla for direktekommunar. I 2022 vart det utarbeidd nye kriterium for direktekommunar.

Fordeling av spelemidlar i DKS

Kultur- og likestillingsdepartementet tildeler spelemidlane til Kulturtanken, som vidarefordeler til fylkeskommunane. Direktekommunane får sine andelar frå fylka. Kulturtanken fordeler tilskota etter eigen fordelingsnøkkel for Den kulturelle skulesekken:

  • Flat fordeling per elev (70 %)
  • Infrastruktur (12 %)
  • Areal (6 %)
  • Utvikling (12 %)

Areal-kriteriet omhandlar det samla arealet i fylka, medan infrastruktur-kriteriet blir berekna ut frå del utbygd areal. Datagrunnlaget blir henta frå SSB. Utviklingstilskotet blir fordelt flatt per fylke og er avsett til utviklingstiltak.

Honorering

Kunstnarar som utfører arbeid i Den kulturelle skulesekken skal betalast i tråd med bransjestandard, og rettshavarars interesser skal varetakast i samsvar med åndsverkslova. Kulturtanken viser til rammeavtale mellom KS (Kommunesektorens organisasjon) og Creo – forbundet for kunst og kultur. Det blir føresett at fakturerande kunstnarar som utfører arbeid i Den kulturelle skulesekken skal betalast i tråd med rammeavtalen mellom KS og Creo.

Meir om DKS: