Cropped close up photo of cheerful positive girl in yellow shirt writing, down essential details of online conference having just been held on laptop

Open utlysing: DKS-LAB for litteratur i Trondheim 28.–30. april 2025

Ønsker du å utvikle eit nytt formidlingsopplegg innan litteratur i Den kulturelle skolesekken våren 2025? Eller har du eit opplegg du ønsker å vidareutvikle eller gjere betre? DKS i Innlandet, Møre og Romsdal, Trondheim og Trøndelag inviterer til eit laboratorium for utvikling av gode litteraturproduksjonar.

DKS littlab er ein utviklingsarena for litteratur i Den kulturelle skolesekken. Deltakarane må sette av tre heile arbeidsdagar, 28.-30. april 2025. Desse tre dagane skal vi jobbe saman i Trondheim. Deltakarane vil få hjelp til å spisse idear, velje metodar, utvikle formidlinga, beskrive prosjekta og komme langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon. Mot slutten av samlinga testar vi ideane på elevar i aktuelle aldersgrupper.

Vi ønsker søknader frå både forfattarar, formidlarar og andre utøvarar. Litteraturproduksjonar kan ta utgangspunkt i bøker, forfattarskap, forteljingar, illustrasjonar, bildebøker og teikneseriar, eller kanskje noko anna? Det kan vere både eigen eller andre sin litteratur. Og både helt nye idéar eller produksjonar de vil vidareutvikle. Formidlinga kan ha mange former, også på kryss av andre kunstformer.

Les meir og send inn søknad her: https://web.trondelagfylke.no/trondelag-fylkesbibliotek/tjenester/littlab/