Open utlysing: DKS-lab for dans i Trondheim 6.– 8. oktober 2025

Er du profesjonell dansekunstnar med base i Innlandet, Møre og Romsdal eller Trøndelag, og ønskjer å utvikle eit nytt formidlingsopplegg for turné i Den kulturelle skulesekken? Sitter du med ein spennande formidlingsidé og søker ein arena for utforsking og rettleiing, eller ønskjer du å spisse din kompetanse innan formidling av dans for barn og ungdom? Søk DanseLab!

DKS i Innlandet, Møre og Romsdal, Trondheim og Trøndelag inviterer til eit laboratorium for utvikling av danseproduksjonar for barn og unge i grunnskulen og i vidaregåande skule.

Vi er på utkikk etter dansekunstnare som …

  • synes det er spennande å formidle dans i møte med barn og unge.
  • har ein kunstnarisk idé og ønskjer å utforske den vidare.
  • har ei ferdigstilla produksjon og ønskjer å vidareutvikle den spesielt for barn eller ungdom.
  • ønskjer å lage ei førestilling, ein danseverkstad eller ein kombinasjon av både.
  • ønskjer innspel og ideutveksling samen med erfarne fagfolk og dansekolleger.

Søk her (klikk for skjema)

Søknadsfrist 15. juni 2025

Om DKS DanseLab

DKS DanseLab er ein utviklingsarena for danseformidling i Den kulturelle skolesekken. I løpet av 3 dagar får du moglegheit til å vidareutvikle eit prosjekt til Den kulturelle skulesekken. Med utgangspunkt i ein idé, eller eit prosjekt du allereie har, får du hjelp frå erfarne rettleiarar frå dans- og scenekunstfeltet med å tydeleggjere din idé og metodeval for dette formatet. DKS DanseLab er open for prosjekt for alle trinn (1. – 10. trinn  og vidaregåande).

Du får hjelp til å utvikle prosjektet vidare ved å diskutere og prøve ut med kollegaer og erfarne rettleiarar, som deltek som føredragshaldarar og samtalepartnarar. Om du ønsker kan du og få testa ut idéar i møte med din målgruppe. Du får lære om moglegheiter og rammer i Den kulturelle skulesekken, spisse idear, velje metodar og utvikle formidlinga tilpassa målgrupper. Du får tilgang til eit eige dansestudio alle tre dagane i felles lokalar.

Målet er at du føler deg trygg på å kunne levere eit forslag til Kulturtankens DKS-portal. Alle deltakarar får dekt reise, diett og overnatting.

  • Alle deltakarar blir honorerte med eit dagshonorar på kr 4 500 for dagane vi jobbar saman i Trondheim, til saman kr 13 500.
  • Om det er behov for ytterlegare arbeid med produksjonen i etterkant, vil det òg bli honorert med inntil 10 arbeidstimar.

Har du spørsmål før du melder deg på? Vi inviterer til et opent info møte på nett 27. mai kl. 12 – 12.30.

Har du ikkje moglegheit til å delta på møtet? Send en e-post til pialar@trondelagfylke.no, så sender vi deg et opptak.

Klikk her for lenke til møtet

Krav til søknad

  • Profesjonell dansekunstnar med regional tilknyting til enten Innlandet, Møre og Romsdal eller Trøndelag.
  • Kunstnarisk CV og video frå eige kunstnarisk virke.
  • Ei kort beskriving (ca. 200 ord) av idé til formidlingsopplegg og kvifor du søker.
  • Ein kort video (1–3 minutt) der du fortel kven du er og om dine tankar rundt ditt formidlingsprosjekt.

Utvalde deltakarar vil bli kontakta seinast i veke 27, 2025.

Spørsmål rundt utlysing og DKS DanseLab kan rettast til Guri Krog Dodig (produsent DKS Trondheim): guri.dodig@ou.trondheim.kommune.no, tlf. 97072745.