22. juli – Vestland
Historia om 22. juli for ein ny generasjon - på Det Vestnorske Teateret
22. juli – Vestland er eit dokumentarisk forteljarteater om dei seks ungdommane frå Vestland fylke som vart drepne på Utøya. Hanne, Kevin, Silje, Monica, Tarald og Tore var i alderen 15 til 21 år. I 2026 er det 15 år sidan angrepet. Dei som blei fødde i 2011 vil då vere like gamle som den yngste av dei drepne. Korleis ser eigentleg tragedien 22. juli ut for dei som er 15 år i dag? Korleis snakkar dei om angrepet? Og kva har skjedd med forteljinga om 22. juli i løpet av dei 15 åra som har gått?
Vi seier gjerne at vi “ikkje må gløyme” 22. juli. Men kva er det vi eigentleg skal hugse? Er det individa som vart råka? Rosetoga? Eller bakgrunnen og motivasjonen for sjølve angrepet? Kva skal eigentleg historia om 22. juli vere?
Framsyninga rommar desse spørsmåla og perspektiva, og vi kjem tett på dei som vart drepne og det som førte dei til Utøya. Eit ubehageleg faktum er at fleire av dei som overlevde angrepet har blitt utsett for hets, noko som har ført til sjølvsensur. I framsyninga vert også Anders omtala - mennesket som utførte noko vi nesten ikkje kan fatte - og som bar på politiske idear han deler med ei stor gruppe menneske kring om i verda.
Framsyninga prøver å skildre historia om 22. juli for ein ny generasjon og bidra til at elevane forstår at det ikkje var snakk om “ei ulukke” eller “ein naturkatastrofe” - men ei målretta, politisk motivert handling som tok livet av ufattelege 69 menneske på Utøya.
Nyttig informasjon
keyboard_arrow_downVarighet
1 time(r) og 10 minutter
Sted
Det Vestnorske Teateret – Logen
Antall utøvere
4
Nyttig informasjon
Ca 1, 5 time
Stad: Det Vestnorske Teateret – Logen
Maks antal publikum: 230
Dei medverkande er tre skodespelarar
Utøvere og produsenter
keyboard_arrow_downArrangert av
Bergen kommune
Produsert av
Det Vestnorske Teateret
Utøvere
Irene Smørdal
Andre medvirkende
Gruppenavn
Det Vestnorske Teateret
Idé/opplegg
Om kunstner / utøver / gruppe
Kobling til læreplanverket
keyboard_arrow_downProduksjonen kan bidra til:
- at elevane og lærlingane utvikler kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. ( Formålet med opplæringen )
Kontakt
keyboard_arrow_downKontaktperson i Den kulturelle skolesekken
Ragni Stoltenberg , tlf: +47 95 28 58 42, e-post: ragni.stoltenberg@bergen.kommune.no
Ragni Stoltenberg , tlf: +47 95 28 58 42, e-post: ragni.stoltenberg@bergen.kommune.no
Ann Christin Jenssen, tlf: +47 40 81 81 51, e-post: ann.jenssen@bergen.kommune.no
Kontaktperson utøver
Irene Smørdal, tlf: +47 90 68 29 20, e-post: irene@detvestnorsketeateret.no
Solfrid Glesnes, tlf: +47 91 52 50 79, e-post: sol@detvestnorsketeateret.no
Uttrykksform
Målgruppe
9. – 10. trinn
Turnéplan
Varighet
70 minutter
Tiden er omtrentlig
Sted
Det Vestnorske Teateret – Logen
Skoleår
2025/2026
Arrangert av
Bergen kommune
