Litteratur i DKS
![DKS_Ikoner_litteratur Litteratur-ikon](https://cdn.denkulturelleskolesekken.no/staging/6c939383-dks_ikoner_litteratur-300x300.png)
Kva var den første boka nokon las for deg? Kva bok har endra deg og måten du tenkjer på? Kva er den beste boka du har lese?
Møtet med litteratur i Den kulturelle skulesekken skal tilby elevane litt meir ut over litteraturen dei får gjennom undervisninga; om det er via eit forfattarmøte eller andre måtar å formidle kvalitetslitteratur på. I dette møtet ligg høvet til å skape både engasjement og ei nysgjerrigheit som forhåpentleg får eleven til å vilje halde fram inn i boka. I boka kan ein finne identitet og tilhøyrsel, ein kan søkje trøyst og ein kan flykte. Gjennom litteraturen får ein avkrefta og stadfesta – både seg sjølv og andre. Den skal utvide horisontar og gi barn og ungdom noko dei kanskje ikkje visste at dei trong. Der ligg krafta i god litteratur og god litteraturformidling.
Er du utøvar? Sjå Litteratur – DKS for utøvarar