Kulturarv i DKS

Kulturarv-ikon

Alle menneske har ein kulturarv, med kvar og ein sin personlege kombinasjon av kultur, erfaringar og historie. Slik er vi alle med på å definere kva som skal vere kulturarven i framtida. Det handlar om dei store spørsmåla i livet, dilemma og moglegheiter – som gjer at vi kan spegle oss i personane i fortida.

Kulturarv i DKS rommar mange fagområde og emne. Det omfattar til dømes forteljarkunst, tradisjonshandverk og kulturminne, industriarv og minoritetars arv. Immateriell og materiell kulturarv er sidestilte i DKS-samanheng.

Emna femnar over både det vi er stolte av, som vi ønskjer å ta vare på – og hendingar som er meir problematiske, som vi skjemmest over eller som gjer vondt. Også dei fortener like fullt ein plass for debatt og kritikk. Kulturarv i DKS er dermed eit rom for den store samtalen om historieskriving og -utval.

Er du utøvar? Sjå Kulturarv – DKS for utøvarar