DKS-portalen opnar stadig nye dører

DKS-representantar frå fylke og kommunar i heile landet var på arbeidsmøte om ny portal og nytt fagsystem for Den kulturelle skulesekken, rett før jul. Den nye DKS-portalen er eit ledd i å samle, effektivisere og tilgjengeleggjere Den kulturelle skulesekken, både for utøvarar, DKS-planleggjarar i fylke og kommunar, og ikkje minst for skulane og elevane.

Då portalen opna 2. september i år kunne utøvarar for første gong melde forslag til DKS til éin stad, med éin felles frist for heile landet (1.oktober). Over to tusen forslag til produksjonar i DKS vart meldt inn, noko som er ny rekord.

– Det er fantastisk at det er så mange som ønskjer å formidle kunst- og kulturopplevingar for barn og unge i Den kulturelle skolesekken, sa kulturminister Trine Skei Grande, og meinte portalen med dette viste ei open dør til endå meir kunst og kultur til det viktigaste publikummet i verda.

Tett dialog

Neste fase i DKS-årshjulet er no utveljing og planlegging av neste skuleårs DKS-program. For DKS-planleggjarane i fylka er portalen òg eit fagsystem som er nytt og må lærast og blir teke i bruk.

– Systemet har ei rekkje fordeler og nye funksjonar, som tidlegare system ikkje har hatt, som til dømes ei simulering av turnéruter og andre nyttige og effektive funksjonar for planleggjarane. Samtidig er det eit stort nytt IT-system med dei utfordringane det fører med seg. Derfor er det viktig for oss å vere i tett dialog med brukarane, både i forhold til opplæring, men også for å lytte og få tilbakemeldingar som bidreg til å gjere sytemet endå betre, fortel prosjektleiar for DKS-portalen Daniel Nørbech.

Derfor blei det invitert til arbeidsmøte om den nye portalen 21. november, der for over 30 deltakarar frå fylke og kommunar frå heile landet deltok. På dagsordenen stod mellom anna erfaringsdeling, gruppearbeid, nye lokale DKS-nettsider og vidareutvikling av portalen.

– Det viktigaste for oss no er at DKS-planleggjarane bruker det nye fagsystemet og er i dialog med oss om eventuelle utfordringar. Deretter skal skulane inn i portalen, med “min side” og brukarar. Det skjer i løpet av våren. Til skulestart hausten 2020 vil vi for første gong kunne sjå ei oversikt over eit heilt års DKS-program i portalen. Først då er årshjulet komplett og heile portalen i full drift – det ser vi fram til, seier Nørbech.

Presentasjon og referat frå møtet finn du på prosjektbloggen til DKS-portalen!
Her finn du rettleiing i portalen for planleggjarar i fylke og kommunar.


Toppbilete:
Prosjektleiar i Kulturtanken, Daniel Nørbech, presenterer status og vidare framdrift for den nye DKS-portalen. Over 30 DKS-representantar frå fylker og kommuner kom til nettverksmøtet.

Alle foto: Cathrine Jakobsen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.