Kulturtorget blei ein solid kulturdag
Publisert 05.09.2025
– Det viktigaste i livet må vere det viktigaste i politikken – då er kultur for barn og unge heilt sentralt
Det skriv Hilde Alice Vågslid på Facebook etter å ha opna Kulturtorget 2025 på Gullbring kulturhus i Bø 4. september. Vågslid er hovudutvalsleiar for kultur, reiseliv og frivilligheit i Telemark.
– Eg heiar på Den kulturelle skulesekken, legg ho til. Heiar på skulesekken gjorde dei kring 60 deltakarane på torget også, då dei fekk sjå og vere med på tre konsertar, ein verkstad, ein danseskule og ei teaterframsyning.

OPNA TORGET: Hilde Alice Vågslid er hovudutvalsleiar for kultur, reiseliv og frivilligheit i Telemark.
Oppleve og møte kvarandre
Den kulturelle skulesekken er for kulturkontaktar frå heile fylket, og meininga med dagen er at kulturkontaktane skal vite kva som kjem til skulen deira. Det er også fint at kulturkontaktane får møte kvarandre og snakka om korleis dei arbeider og får til samspelet mellom skule og Den kulturelle skulesekken.
Ga ros til kulturkontaktane
Arbeidet kulturkontaktane gjer for Den kulturelle skulesekken, fekk dei ros for av Vågslid i opningstala: For å nå desse fine måla, er arbeidet de kulturkontaktene gjer er utruleg viktig. Utan hjelp frå dyktige kulturkontakter hadde ikkje ordninga blitt den same, ho hadde ganske sikkert ikkje fungert.Kulturkontaktane legg til rette, ynskjer utøvarane velkomne, ser til at dei unge kulturvertane gjer jobben sin, og passar på at alle på skulen har informasjon om kva som skal skje. Så takk for innsatsen; jobben de gjer er utruleg viktig!

FARLEG OPPDRAG: Agentame og det sjukt farglege oppdraget er ei absurd teaterforestilling som både små og store syns er kjempegøy. Foto: Kristin Berge
Dette blei vist på Kulturtorget 2025:
- Danseskole Anno 1813
Les om tilbodet Danseskole Anno 1813 - Kom te meg
Les om tilbodet Kom te meg - Agentane og det sjukt farlige oppdraget
Les om tilbodet Agentane og det sjukt farlige oppdraget - Symre
Les om tilbodet Symre - Papirmakeri
Les om tilbodet Papirmakeri - Abraham Reunion
Les om Abraham Reunion | Telemark DKS
