For barnehagar
Telemark fylkeskommune gir kulturtilbod for barnehagar. Målet er at barnehagebarn skal oppleve profesjonell kunst og kultur i eigen barnehage.
Varierte kulturopplevingar opnar nye horisontar og inspirerer til kreativitet og læring. Felles opplevingar gir felles referansar, og styrker inkludering, fellesskap og samhald. Ved å spreie tilbodet ut til heile fylket, bidreg ordninga til å jamne ut både sosioøkonomiske og geografiske forskjellar.
Kulturtilbod for barnehagar har lenge vore eit prioritert tiltak i Telemark fylkeskommune og målet er at alle barn får kulturelle opplevingar av høg kunstnarisk kvalitet i trygge omgivnader (sin eigen barnehage).
I 2023 vart det vist meir enn 400 framsyningar for eit samla publikumstal på rundt 14 000 barn i aldersgruppa 3-6 år i Vestfold og Telemark. Om lag halvparten av desse framsyningane fann stad i Telemark. 112 barnehagar (70%) tok del i ordninga, og dei fleste fekk to kulturopplevingar.
Kulturtilbodet for barnehagar vert finansiert med fylkeskommunens eigne midlar, i påvente av ei nasjonal ordning.
Telemark har hatt barnehagekonsertar sidan 1990-talet, men ordninga er gradvis utvida og omfattar nå fleire kunstuttrykk som scenekunst, litteratur og visuell kunst.
For meir info om ordninga, ta kontakt med Rønnaug Flatin, ronnaug.flatin@telemarkfylke.no