Stor interesse for å delta på LittLab
Publisert 11.06.2025
Totalt har 29 engasjerte formidlere frå heile landet søkt. Det er meir enn forventa!
– Det er moro at så mange har søkt, og nå for vi den vanskelege jobben med å velje ut kven som skal få vere med, seier Mari Honningdal, rådgjevar ved Telemark fylkeskommune
Telemark fylkeskommune og Skien bibliotek samarbeider om LittLab, og då fristen for å melde seg på gjekk ut, kunne dei saman glede seg over den gode responsen.
LittLab er eit laboratorium for utvikling av litteraturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken.
Gode leseopplevingar
Søkerne representerer ei solid breidde i bakgrunn og erfaringar, frå forfattarar og scenekunstnarar til pedagogar. Felles for dei alle er eit ønskje om å utvikle litterære formidlingsopplegg som kan gje barn og unge gode, kunstnarlege leseopplevingar.
– Vi er veldig glade for den store interessa, og det er inspirerande å sjå kor mange kreative og gode idear som har kome inn, seier Honningdal som er kontaktperson for laben i Telemark.
Vidareutvikle idear
Gjennom LittLab får deltakarane hjelp til å vidareutvikle ideane sine, med fokus på blant anna bruk av kropp og stemme, dramaturgi, estetiske verkemiddel, rombruk og målgruppetilpassing.
– Utveljinga av deltakarar skjer i løpet av dei næraste vekene, og vi ser fram til å presentere dei som får plass i labben, seier rådgjevaren.