Telemark fylkeskommune lyser ut LittLab sammen med Skien kommune. Foto: Knut Sørhusbakken

Open utlysing: DKS LittLab for litteratur i Telemark

Ønskjer du å bli ein betre formidlar og gje barn og unge ei god litterær oppleving? Har du ein litterær idé eller eit opplegg du ønskjer å utvikle? Då kan du søkje om å bli deltakar på LittLab!

Med midlar frå Kulturtanken, inviterer Telemark fylkeskommune og Skien bibliotek til eit laboratorium for utvikling av litteraturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken. I LittLab blir du del av ein prosess der du vekslar mellom sjølvstendig arbeid og arbeid i gruppe.

Deltakarane kan få hjelp til å jobbe med:

  • bruk av kropp og stemme
  • dramaturgi og estetiske verkemiddel
  • medviten bruk av rommet
  • målgruppetilpassing

Søknaden må innehalde:

Ei kort forklaring av ideen din, til formidlingsopplegget

  • Kvifor du søkjer
  • Kva eigenskapar du ønskjer å utvikle som formidlar
  • Kva målgruppe du ønskjer å nå – og kvifor akkurat dei
  • Relevant CV
  • Vi oppmodar deg til å leggje ved ein kort video der du presenterer deg sjølv og prosjektet ditt

  •  Søknadsfrist: 9. juni 2025
  •  Send søknaden som Word-fil og/eller video (MP4 format) som vedlegg til e-post
  • DKS LittLab er ein utviklingsarena for litteraturformidling i Den kulturelle skolesekken.
  • Deltakarar må setje av fire heile arbeidsdagar: 24. og 25. september 2025 +
    to dagar i veke 47 (tysdag, onsdag eller torsdag – datoar kjem)

Lab-dagane går føre seg i Skien, der jobbar  vi praktisk og kreativt med:

  • idéutvikling
  • metodeval
  • formidlingstrening
  • utprøving på skule

Kven ser vi etter?

Vi søkjer etter deg som har profesjonell bakgrunn innan litteratur eller formidling.

Prosjektet ditt kan ta utgangspunkt i:

  • bøker, forfattarskap, forteljingar
  • illustrasjonar, biletbøker, teikneseriar
  • eigne eller andres verk
  • samspel med andre kunstformer
  • Format: Opplegget må kunne fungere i eit klasserom, for éin eller to klassar.

Kva får du som deltakar?

  • Reise, overnatting og diett blir dekt
  • DKS-dagshonorar etter gjeldande satsar
  • Inntil 10 ekstra honorerte timar ved behov for vidare utvikling

Aktuelle deltakarar blir kontakta innan utgangen av juni.

Spørsmål?
Ta kontakt med Mari Honningdal
Tlf. 98885050
E-post: mari.camilla.honningdal@telemarkfylke.no