DKS i skolen

DKS er organisert på fylkes- og kommunenivå. Det nasjonale overbygget til DKS er Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg. Kulturtanken ønskjer at både skuleleiarar, lærarar og elevar skal kjenne eigarskap til DKS-ordninga. DKS-produksjonar kan styrkje medvitet om kunst og kultur i opplæringa. Slik kan DKS bidra som ein ressurs for å nå målsetjingane i skulen, både innanfor den overordna delen av læreplanen og i kompetansemåla for ulike fag.

Ved å møte profesjonelle utøvarar via DKS kan elevane bli inspirerte, utfordra og motiverte til kreativ problemløysing, lære å tenkje annleis i løysing av komplekse utfordringar og få kunnskap om innovasjon.

DKS og kulturkontakten

Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulen og DKS. Oppgåva til kulturkontakten er å sørgje for tilrettelegging i forkant av, under og i etterkant av kunstbesøket på skulen. Ein viktig del av kulturkontaktrolla er å koordinere DKS-tilbod med andre planar skulen har, men oppgåvene kan variere frå skule til skule. Langsiktig planlegging kan gjere det enklare for lærarane å setje DKS-opplevinga i kontekst med dei faglege måla i skulen. Slik kan opplevinga samspele med læreplanane, og den skulefaglege relevansen blir tydelegare for både lærarar og elevar.