Sandra Kolstad - portrett
Foto: Kine Kolstad

– Det som skjer når ein gymsal blir forvandla, er rett og slett magisk!

DKS har fått Sandra Kolstad til å forstå fleire sider av eigen musikk – og gitt henne klump i halsen av rørande møte.

– Det som er sterkast med å vere på DKS-turné, er når eg ser at noko blir vekt i ein elev. Det er litt av målet med desse turneane for meg – det handlar ikkje berre om å underhalde nokon i 45 minutt, men å potensielt kunne forandre noko i nokon. Det at ein elev kanskje tenkjer nytt om eige liv, om kva det er mogleg å gjere, seier Sandra Kolstad.

Ho har turnert i Den kulturelle skulesekken sidan 2015.

– Det er så viktig å vise elevar at det finst fleire moglegheitsrom, og det er sterkt å få lov til å komme og representere noko anna. Det finst eit svimlande stort potensial i desse møta, viss ein tek innover seg kor stor skilnad dei kan utgjere!

Det unike med DKS

Kolstad fortel at ho har tenkt mykje på at ho elles speler for eit publikum som både har råd til å gå på konsert og som aktivt oppsøkjer henne og musikken hennar. Og det at ein DKS-konsert har eit heilt anna premiss, og er derfor endå meir spennande.

– Du speler for folk som kanskje aldri har høyrt musikken din eller som ikkje til vanleg ville gått på konsert med deg. Som utøvar må du derfor ta ut fleire sider av deg sjølv. Å turnere med DKS har gjort at eg har forstått fleire sider av musikken min. Det sluttar ikkje å vere stort å gjere skulekonsertar!


Om å bli kasta tilbake til tenåra

Men for all del: å komme inn i ein gymsal klokka 09.00 om morgonen kan vere beintøft. Ifølgje Kolstad finst det finnast eit stort regressivt potensial i å stå i full outfit på morgonkvisten framfor mange tenåringar.

– Plutselig kan jeg føle at jeg selv går i 8. klasse og at alle synes jeg er verdens mest dustete!

Det eg har lært, er at så lenge eg er open og vågar å ha eit språk om det som skjer, som å seie: «Det er jammen litt rart å skulle ha klubbkonsert i gymsalen tidleg om morgonen», så blir det mogleg å gjere akkurat det. På fleire turnear har eg opplevd at omtrent heile skulen er oppe og dansar på scena før konserten er slutt! Det som skjer når ein gymsal blir forvandla, er rett og slett magisk!

Når Kolstad blir bede om å trekkje fram eitt møte med barn og unge som ho har hatt gjennom Den kulturelle skolesekken, så fortel ho om konserten dei heldt på Skådalen skule for døvblindfødte.

Foto: Kine Kolstad

– Det var heilt utruleg spesielt og rørande. Elevane la seg ned på golvet for å kjenne rytmane, og fleire haldne handa på halsen min medan eg song for å kjenne vibrasjonane i stemma mi. Alle i bandet var heilt på gråten etterpå fordi det var så fint.

Fakta: Sandra Kolstad har turnert med DKS sidan 2015 og har mellom anna vore fleire rundar i Buskerud, Telemark, Rogaland, Oslo og Oppland. Ho blir gjerne omtalt som «Noregs elektropop-dronning» og har gitt ut fem album. Ho har i tillegg jobba som skodespelar og komponert musikk til fleire teaterstykke. Les meir om henne på ndrakolstad.com

VilVil du oppleva magiske stunder? Send inn programforslaget ditt på www.denkulturelleskolesekken.no

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné

Toppbilete: Sandra Kolstad, foto: Kine Kolstad