Vi treng kritiske elevar til Uprisen 2027
Publisert 23.03.2026
– Vi leitar etter lærarar som vil utfordre klassa si til å vere litteraturkritikar og stemme fram årets ungdomsbok til Uprisen 2027.
Det seier rådgivar ved Telemark fylkesbibliotek, Mari Honningdal.
– Neste skuleår treng me to kritikarklasser frå Telemark som skal lese ungdomsbøker utgitt i 2026. Kritikarklassen skal nominere fem bøker til Uprisen 2027.
Kva er Uprisen?
Uprisen er ein av dei viktigaste litteraturprisane i Noreg, og det er altså ungdom sjølv som kårar vinnaren. I løpet av skuleåret deltek 30 klasser frå heile landet som kritikarklasser. To skal altså vere frå Telemark.
– Elevane les og anmelder nye ungdomsbøker på denboka.no. Desse bokmeldingane avgjer kva bøker som blir nominert til Uprisen. Til slutt er det ein jury som nominerer fem bøker til Uprisen, fortel Honningdal.
I inneverande skuleår har 9. trinn ved Bø ungdomsskule vore kritikarklasse, mens Gulset ungdomsskule stiller med juryklasse. Dei er i gang med å lese dei fem nominerte bøkene.
Juryklassene kårar vinnaren blant dei fem, det skjer på Norsk litteraturfestival på Lillehammer.
– Det er berre annakvart år at Telemark har juryklasser, derfor treng vi ikkje det for skuleåret 2026/2027, seier Honningdal.
Goder til kritikarklassa
I tillegg til å vere ei viktig stemme i tildelinga av ein nasjonal litteraturpris, får kritikarklassene nokre goder. Dei får minst 15 ungdomsbøker til odel og eige. Dei får også tilbod om skrivekurs, anten fysisk eller digitalt.
Skulen må gi læraren i kritikarklassa ein dag til rådigheit for å vere med på eit oppstartsseminar. Læraren må også ta på seg jobben med å publisere bokmeldingane.
Les om erfaringene frå Bø ungdomsskule: Skal kåre beste ungdomsbok – Telemark fylkeskommune
Kvifor skal klassa mi delta?
– I desse tider, når me ser at barn og unge les lite, gjev dette eit løft både for lese- og skriveferdigheiter. Uprisen skaper leselyst og leseglede, konstaterer rådgivaren på telemark fylkesbibliotek
– Uprisen er høgthengande for forfattarane. Ungdommane si meining gjev dei ein peikepinn på kva unge syns er viktig, kva dei vil lese om. Det er sjølvsagt viktig for forfattarane, og også forlaga, seier Honningdal.
Les meir og søk:
Nettside: Uprisen 2026 | DenBoka
YouTube: Uprisen – årets ungdomsbok
Har du spørsmål, så ta kontakt:
Mari Honningdal, mari.camilla.honningdal@telemarkfylke.no
Rådgiver
Telemark fylkesbibliotek
