Kulturtorget er 3. september på Gullbring i Bø - hald av datoen!
Publisert 03.02.2026
– Vi håpar at mange har høve til å kome på Kulturtorget i Bø i år, derfor går vi tidleg ut med datoen, seier Anette Storli Andersen, teamleiar for Den kulturelle skulesekken i Telemark fylkeskommune.
– Vi ynskjer alle kommunekontaktane og særleg alle kulturkontaktane ved skulane velkomne! Dersom kulturkontakten ikkje kan kome sjølv, vil vi gjerne at dei sender ein annan representant frå skulen, sier Andersen.
Program, invitasjon og påmelding kjem til våren, og det blir sendt både via DKS-portalen og e-post.
I tillegg blir informasjon delt her på heimesida til DKS Telemark.
