Turnéåret er i gang
Publisert 28.08.2024
Alt i andre skuleveka er Den kulturelle skulesekken opna. Konsert, verkstader, klovneri og kulturhistorie er på hjul i fylket vårt.

«Å male et skrik» er er på vegen og skal til Kragerø og Midt- og Vest-Telemark. Verkstadene «Gaven» og «Lyslek» starta turneen hjå Vinje-skulane denne veka, klovneframsyninga «Wow!» starta hjå elevar i Notodden, medan Rjukan vidaregåande har fått seg ein tur til Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Der blir brynesteinhistorie formidla, og er eit opplegg som varer heile dagen.
Les meir om produksjonane, og finn ut kva tilbod skulen din får ved å søke i søkefeltet på dks.no/telemark
