Ei dame spelar gitar og syng.
Elle Maija blei kjent på Stjernekamp, no skal ho på skuleturne i Telemark med ein joikekonsert.

Elle Maija rockar Telemark

26 turnear skal ut på grunnskulane komande skuleår. Det blir alt frå rocke-joik til agentar på sjukt farleg oppdrag.

Når skuleåret er i gang, kjem Den kulturelle skulesekken på besøk til alle grunnskular, vidaregåande skular og mange barnehagar. Utøvarane er mange, og dei byr opplevingar innan dei seks kulturuttrykka film, visuell kunst, litteratur, musikk, kulturarv og scenekunst. Alle får ikkje oppleve alle kulturuttrykka på eit skuleår, men i løpet av nokre år vil alle uttrykk vore vist.

I alt skal 26 ulike turnear ut på grunnskulane i Telemark i skuleåret 2024-2025, og dei skal til saman ha 1042 arrangement.
– Vi reknar det om til kulturbillettar, og i alt deler vi ut 66 799 billettar komande skuleår, seier Anette Storli Andersen, teamleiar for Den kulturelle skulesekken i Telemark fylkeskommune.

SJUKT: Agentane og det sjukt farlege oppdraget er eit festleg og absurd teater. Foto: Morten Bendiksen

Fyrverkeri i skulegarden

– Innan scenekunst er det mykje moro på programmet i år. Det mest underlege er nok Agentane og det sjukt farlege oppdraget. Det er eit fyrverkeri av ei framsyning, og scenen er skulegarden. Vi kan nok kalle det absurd teater, seier Andersen.

Elles innan scenekunst kjem produksjonane Wow, Våg! og De uovervinnelige.

Fleire av produksjonane sklir over i ulike sjangrar. Danseforestillinga Våg! er ein av dei. Det er i hovudsak ei kreativ danseframsyning som viser mange danseuttrykk. Våg! er altså ei spektakulær og sprek forestilling som begeistrar, men som også kan skape ettertanke. Samstundes fortel utøvarane Jon og Håkon ei historie om venskap og kjensler.

Dansarane er Jon Bugge Mariussen og Håkon Odden. Felespelar Johanne Løkensgard Mjøs sørgjer for musikk til dansen.

– Elevane får oppleve kraftfull dans tett på, seier Andersen.

Samisk joikereise

Elle Maija er for mange kjent frå Stjernekamp på NRK. No kjem ho til Telemark og turnerer på skular i nesten fire veker.

– Det blir ei reise i joik, pakka inn i rock, pop og blues. Eg vil også dra fram danske Tumult, dei byr på tumulter; liv og røre – herleg folkrock, fortel Olav Tveitan, rådgivar i Den kulturelle skulesekken. Hått sa’ru med dei tre bøheringane Stian Dalen, Anders Hefre og Jostein Rørmark skal ut på vegen igjen. Dei slår eit musikalsk slag for dialektane som er på vikande front dei fleste stader.

DE UOVERVINNELIGE: Sterk framsyning om to ulike gutar som finn venskap i kvarandre. Håkon Thorstensen Nielsen og Erlend Rødal Vikhagen (t.h.) spelar kompisane. Foto: Marte Glanville/Kulturtanken

Nora, Helmer og dyreheltar

På litteraturfronten er det også stor variasjon. Uppsa, Hjarte i alle fargar, Håndball eller helvete, Helter fra dyreriket, Game on og Gåten: et dukkehjem er på programmet.

Gåten: et dukkehjem skiller seg ut. Opplegget tar for seg det kjente Ibsen-stykket Et dukkehjem, men presentasjonen er annleis. Nora må få hjelp til å få tak i brevet som vil ruinere ekteskapet. Elevane må hjelpe ho med å få opna ei postkasse der brevet er.

– Formidlingsforma er Escape Room. Litteraturtilbodet blei prøvd ut på Appelsina litteraturfestival i fjor, og fekk svært god tilbakemelding, fortel Andersen.

– Frå fylkeskommunen får elevane 2,5 forestilling kvar i snitt. I tillegg kjem det eit stort og variert tilbod frå kommunane. Dei fleste kulturarvtilboda er det kommunane som har, men frå oss kjem Eventyrleg rettssak og Fortida gjennom fotografiet, seier teamleiaren for Den kulturelle skulesekken i Telemark.

I tillegg til dei mange tilboda i grunnskulen, skal 20 produksjonar ut til gode 5 800 elevar i vidaregåande skule, og berre i haust får 3000 barnehagebarn besøk frå Den kulturelle skulesekken.