Vårens barnehage-program
Publisert 11.01.2024
Fire ulike konsertar skal på barnehageturne i Telemark denne våren.
I 2023 vart det vist meir enn 400 framsyningar for eit samla publikumstal på rundt 14 000 barn i aldersgruppa 3-6 år i Vestfold og Telemark. Om lag halvparten av desse framsyningane fann stad i Telemark. 112 barnehagar (70 prosent) tok del i ordninga, og dei fleste fekk to kulturopplevingar – ei på våren og ei på hausten.
Naturlydar og rock’n roll
Denne våren får mange barnehagar i Telemark besøk frå Den kulturelle skulesekken. Fire ulike kulturtilbod er fordelt rundt om i fylket. Kenneth Ekornes reiser rundt med konserten Ekornes i 100 og skal til barnehagar i Kviteseid, Tokke, Vinje, Skien, Seljord, Nissedal, Fyresdal, Hjartdal.
Forfattaren Veronica Salinas har med seg bildeboka Slem, og besøker barnehagar i Midt-Telemark, Nome, Tinn og Notodden.
Musikarane Knut Lothe og Henning Waaler Kemp i bandet Plopp besøker barnehagar i Bamble, Kragerø, Drangedal, Siljan og Porsgrunn. Dei byr på rock’n roll.
I framsyninga Fire fugler får barna vere med på oppdagingsferd i fuglane si magiske verd. Frøy Aagre og Gregor Riddell er musikarane som lagar dei fascinerande lydane. Kanskje får ungane også prøve seg?
Ta kontakt!
Kulturtilbodet for barnehagar vert finansiert med fylkeskommunens eigne midlar, i påvente av ei nasjonal ordning.
Har du innspel eller spørsmål om ordninga, eller ynskjer du tilbod til din barnehage?
Ta kontakt med Rønnaug Flatin ronnaug.flatin@telemarkfylke.no