Dette er DKS-gjengen i Telemark
Publisert 11.01.2024
Nå er vi Telemark igjen, og seks personar er tilsett i Den kulturelle skulesekken på fylkesnivå.
Nå er vi Telemark igjen, og seks personar er tilsett i Den kulturelle skulesekken på fylkesnivå. Det er kjente fjes for dei som kjenner til ordninga, og arbeidsoppgåvene er omtrent fordelt som før.
Anette Storli Andersen er framleis teamleiar. Anne Hermansen og Marius Baun jobbar med tilbod til den vidaregåande skulen. Rønnaug Flatin jobbar mest med musikk- og kulturarvtilbod, og har også ansvar for barnehageturneane. Olav Tveitan har ansvar for grunnskular, og jobbar der mest med tilbod innan film og musikk. Thorild Osdalen er ein all-rounder, og er god på kontraktskriving og andre administrative oppgåver. Det siste halvåret er Kristin Berge med på laget, ho har turneoppfølging, og jobbar også med kulturarvtilboda.
Fylket tilbyr som regel to tilbod til alle skulane i løpet av eit skuleår. I tillegg får elevane fine tilbod formidla gjennom kommunen.
Les meir om Den kulturelle skulesekken på nettsida kulturtanken.no