Det har kome inn 1 446 forslag i DKS-portalen
Publisert 07.11.2025
Då fristen for å levere inn forslag til neste skuleårs program, låg det 1 446 forslag i portalen. Nå er DKS-teamet i full gang med å sjå gjennom forslaga.
– Me er veldig glade for at det er mange som har lyst til å formidle kultur til skuleelevane i Telemark! Det er utruleg mange kompetente og dyktige utøvarar som søkjer, og me skulle ynskje at vi kunne få mange fleire turnear ut på vegen enn me har moglegheit til, seier Anette Storli Andersen, leiar av DKS-teamet i Telemark fylkeskommune.
Seks ulike uttrykk
Dei nær 1 500 forslaga fordeler seg på dei seks uttrykka som er musikk, scenekunst, kulturarv, litteratur, film og visuell kunst. I tillegg er nokre meldt inn som tilrettelagd produksjon, tilbod som passar for elevar med særskilde behov.
Det er flest forslag til musikk og scenekunst – nesten 400 forslag på kvart av dei uttrykka.
50 blir vald ut
Før jul skal DKS-teamet i fylkeskommunen ha gjort eit utval.
– Arbeidet med velje ut program er ikkje berre enkel. Av dei nesten 1 500 søkjarane, reknar me å gje oppdrag til 50 produksjonar komande år. Før det, lagar me ein «meny» som har fleire forslag enn 50. Denne menyen får kommunekontaktane presentert før vinterferien. Etter vinterferien skal dei ha gjort eit utval på vegner av kommunen sin, forklarar Andersen.
Tilbodet til dei vidaregåande skulane og barnehagane er klart litt seinare
Fristen for å melde inn forslag, var 1. oktober 2025.
Her kan du lese utlysingsteksten
