Et gutt rekker opp hånda, mens en dame forteller.
Foto fra Marked for musikk i 2019, Danse sa fela. Foto: Knut Sørhusbakken

DKS-portalen er no stengd for forslag

Har du eit forslag til DKS-tilbod? Som utøvar kan du legge inn forslag i DKS-portalen, men no må du altså vente til 1. september neste år.

Arbeidet med programmering for skuleåret 2026-2027 starta 2. oktober, for fristen for å levere inn forslag gjekk ut ved natt til 1. oktober. Profesjonelle utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur la inn nesten 1 500 forslag innan fristen gjekk ut.

Her ser du utlysingsteksten:

Du melder inn forslag i DKS-portalendks.no eller dks.no/telemark

Telemark fylkeskommune ser etter produksjonar av høg kvalitet som kan gi elevane gode opplevingar med visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk og kulturarv.

 Vi oppmodar spesielt til å melde inn:

  • produksjonar som er spesifikt tilpassa vidaregåande skule
  • produksjonar som er tilpassa turné i barnehagar
  • produksjonar med nynorsk som målform
  • samiske produksjonar
  • dans
  • verkstader

Hugs god dokumentasjon:

  • I programmeringsprosessen er det viktig at produksjonane er dokumenterte slik at det er mogleg å vurdere formidlingskvaliteten. Musikk- og scenekunst-produksjonar utan videodokumentasjon vil som hovudregel ikkje bli vurderte.
  • For produksjonar innanfor andre uttrykk enn musikk og scenekunst ønskjer vi dokumentasjon med tekst og bilete, og dessutan ein kort video med presentasjon av formidlingsopplegget.

Andre prioriteringar og føresetnader:

  • For meir informasjon om prioriteringar for dei ulike målgruppene og utvelgelsesprosessen, sjå For utøvere | Telemark DKS
  • Vi forutset at alle produksjonar kan formidlast i tråd med maksimal formidlingstid i Rammeavtalens punkt 12 protokoll-og-avtaletekst-pr-01.08.2025-31.07.2027-dks.pdf. Det vil til dømes seie at for musikk- og scenekunst-produksjonar som gjennomførast innanfor ein skuletime, forutset vi at det kan spelas 3 førestillingar/konsertar per dag. Hvis det er spesielle årsakar til at dette ikkje er mogeleg, skal førslagsstillar gjere reie for det ved innmelding av forslag.
  • For vidaregåande skule blir programforslag som er spesifikt tilpassa målgruppa prioritert.
  • Forslagsstillar er ansvarleg for å opplyse om alle faktiske formidlingskostnader. Kostnader som ikkje er synleggjorde i programforslaget blir normalt ikkje dekte.
  • Alle utøvarar kan bli bede om å leggje fram politiattest før avtale om turné for skuleåret 2026/27 inngås.

Programmering og tilbakemelding:

Programforslaga blir først gått gjennom av administrasjonen og deretter i samarbeid med andre fylkeskommunar og eksterne aktørar. Det endelege programmet for skulane blir fastsett i samråd med skular, kommunar og elevrepresentantar.

Programmet for barnehagane blir fastsett administrativt.

Produksjonar som er aktuelle for turné i grunnskule og vidaregåande skule blir kontakta innan veke 10, medan aktuelle produksjonar for barnehage og tilrettelagde blir kontakta innan veke 13.

Frist for innmelding er 1. oktober.