Takkemat, sjøkultur, baundassaum og jern til TradisjonsLab
Publisert 15.04.2025
Etter nokre dagar i laboratoriet, er håpet at fire nye produksjonar innan tradisjonshandverk er blant DKS-tilbydarane til hausten.
Det var ti som søkte på TradisjonsLab, no er fem utøvarar plukka ut til å vidareutvikle ideane sine.
– «Livet på sjøen» har to utøvarar. Torstein Runde Huus og Lise Kroner vann fram med tradisjonshandverk og tradisjonsmusikk knytt til havet, båtbyggaren og fiskaren, fortel Anne Hermansen i DKS Telemark.
– Materiell og immateriell kultur i eitt og same opplegg. I handverksdelen får elevane kjennskap til det fysiske arbeidet med å bygge båt. Musikken formidlar følelsar og tankar om livet til sjøs.
Ynskje om tradisjonshandverk
TradisjonsLab er eit nytt tiltak i Lab-familien, og målet er å få meir tradisjonshandverk på DKS-programmet. Dersom labben er vellukka, kan det hende at desse fire produksjonane er blant søkjarane i DKS-portalen til hausten.
Laboratoriet er plassert på Vest-Telemark Museum i Eidsborg, og blir halde den fyrste veka i juni.
Tar fram takka
Mat tilberedt på takke har ei lang historie, både her i Noreg og elles i verda. Moises Alejandro Gadea Ruiz er frå Nicaragua, og vil gjennom sitt lab-prosjekt utvikle eit tilbod som handlar om takkemat i eit internasjonalt perspektiv, og kulturhistoria knytt til korn.
Elevane får lage mat på takke, servere maten og ete saman på langbord. Det heile blir akkompagnert med musikk og historier frå både Noreg og Nicaragua.

Bunadssaum til klasserommet
Mia Midtbø fra Vråliosen i Tokke tek med seg handarbeidet inn i laben.
Mia er lærarstudent, men har alltid vore interessert i handarbeid, og strikking var noko ho starta med som 13-åring.
– Bestemor har gjennom barneåra synleggjort og vekt interesse for bunadssaum, fortel Midtbø. Ho er lidenskapeleg opptatt av tradisjonar, og synest det er spesielt spanande med alle rosene og fargane ein kan setje saman på Vest-Telemarkbunaden. Og det er nettopp rosesaumen ho vil ta med inn i klasserommet. Ho vil lage eit tilbod der elevane sjølve får brodere ei enkel rose. Broderiet kan dei sjølve bestemme bruksområde for.
Lage jern som ein viking
Svein Olav Leppänen byr på hardare materiale. Han planlegg ein verkstad der elevane skal bli kjent med teknikken som resulterer i jern; blestring. I ein enkel blestringsovn blir jernmalm varma opp så den smeltar og blir umiddelbart til jern. Blestring er ein teknikk frå vikingtid og mellomalderen (ca. år 900-1300).
– Leppänen ser om det er mogleg å få med smiing i opplegget også, opplyser Hermansen.
Zenab Mahmood skulle også vere med på håndverkslaben med plantefarging. Hennar opplegg er flytta til DKS Lab i Follo.