Nye profilfargar for Telemark DKS
Publisert 17.12.2024
Den kulturelle skulesekken i Telemark har fått ny logofarge og nye profilfargar. Fargeklangen er nype og siv.
Nokon har kanskje sett det alt? Me i DKS har vald ny palett for logoen til Den kulturelle skulesekken i Telemark.
Me har plukka frå Telemark fylkeskommune sine fargeklangar, og satsar friskt på nype/siv.
Her er den nye logoen:


Kvar sin logo
Kulturtanken har laga logoane, og alle kommunane har kvar sin logo. Me ynskjer at skulane brukar denne logoen og desse fargane dersom dei skal lage plakat eller liknande før utøvarane kjem på besøk.
Kommune-logoane finn du her på dks.no
Fylkeskommunal fargeklang
Fargevalet er ikkje tilfeldig, me har vald å bruke ein av fargeklangane som er i fylkeskommunen si profilpakke. Sidan me ynskte ei forfrisking, blei valet nype på logoen, mens fargeklagen her nype-siv.
Fargekodane finn du på Telemark fylkeskommune sine nettsider. Bla deg ned til fargekoder og finn nype og siv.
Ta kontakt med kristin.berge@telemarkfylke.no om du har spørsmål eller treng hjelp.