26 kulturtilbod på turné i Telemark våren 2025

I løpet av hausten har grunnskuleelevar og elevar i vidaregåande i Telemark opplevd 28 ulike kulturtilbod, 26 er klare på nyåret.

Når skuleåret 2024-2025 er omme, skal 54 skuleturnear vere avvikla i fylket vårt. I tillegg får barnehagar i Telemark besøk.

Alle gode ting er 14

I grunnskulane har 15 ulike produksjonar vore på turne denne hausten, og etter nyttår skal 14 produksjonar på vegen.

Desse skal på turne våren 2025:

  • Stepp Suprise
  • Tumult
  • Våg!
  • Håndball eller helvete
  • Uppsa, en levende lydbok
  • De uovervinnelige
  • Elle Maija
  • Gåten: et dukkehjem
  • Helter fra dyreriket
  • Gaven
  • Game on
  • Fortida gjennom fotografiet
  • Agentane og det sjukt farlige oppdraget
  • Pixillasjon (tilrettelagt)

Alle gode ting er også 12

Tilsvarande tal for for dei vidaregåande skulane er 13 for hausten og 12 for våren.

Dei får desse produksjonane på besøk:

  • Det kunne vært deg
  • Dropouts
  • Fantastic Machine
  • Folkedans i gymtimen
  • Korte år, lange dager
  • Kvinner i kamp
  • PinkWaterCorp (TM)
  • Pixillasjon (tilrettelagt)
  • Smi mens jernet er varmt
  • Sølvring
  • The Crowd
  • Åpen kloakk

Lurar du på kva som kjem til din skule til våren?

Skriv inn namnet på skulen eller kommunen din i søkefeltet på framsida.