To klovner med store røde neser smiler. De skal på turnem ed Den kulturelle skolesekken i Telemark.
Wow er en sirkusforestilling som skal på turne med DKS Telemark.

Velkommen til Kulturtorget 2024 i Bø

20. november ynskjer me kultur- og kommunekontaktane velkomne til Kulturtorget 2024 på Gullbring kulturhus i Bø.

Kjem du på Kulturtorget 2024 får du eit herleg utval av produksjonane me har på turne i Telemark dette skuleåret. I tillegg til å få eit godt innblikk i kva elevane våre får oppleve, får de møte andre kulturkontaktar som de kan utveksle erfaringar med. Det er altså både kulturkontaktane frå skulane og frå kommunane som er på torget.

Her er påmeldingsskjema til KULTURTORGET 2024: 

Påmelding så snart som råd, og innan 11. november.
Det er gratis å delta på Kulturtorget 2024.

Kulturtorget er lagt til Gullbring kulturhus i Bø 20. november. Torget startar kl. 08.30.
Me avsluttar kl. 14.00, men me i Den kulturelle skulesekken Telemark er til stades etterpå for spørsmål eller ein prat.

Program for dagen:

08.30: Velkommen v/ fylkesvaraordførar Terje Riis-Johansen.
Sphinx Trio byr på musikk
Presentasjon av DKS-gjengen

09.00: Me ser produksjonar:

  • Å male et skrik for mellomtrinn-kontaktane
  • Sau for ungdomstrinn-kontaktane

10.00: Me ser produksjonar:

  • Hjarte i alle fargar for mellomtrinnskontaktane
  • Gåten: et dukkehjem for ungdomstrinn-kontaktane

11:00: Lunsj på Bø hotell

12.30: Alle møtes i storsalen for å sjå Wow!

13:15: Alle møtes i Framstugo for å høyre konserten Mæd Luggumt

14.00-14.30: DKS-gjengen er tilgjengelege for spørsmål og prat.

Me ynskjer – og oppfordrar – skuleleiinga ved både offentlege og private skular å gje kulturkontaktane moglegheit til å delta på kulturtorget vårt.

Kulturtorget er gratis å delta på og det serveres også lunsjbuffet på Bø hotell til alle deltakere kl.11.