Tre musikere spiller mens de viser et maleri malt av Edvard Munch.
Å male et skrik er på turne i Telemark. nders Lønne Grønseth, Audun Ellingsen og Ulrik Ibsen Thorsrud har komponert musikk til malerier av Edvard Munch.

Turnéåret er i gang

Alt i andre skuleveka er Den kulturelle skulesekken opna. Konsert, verkstader, klovneri og kulturhistorie er på hjul i fylket vårt.

Sphinx trio er på vegen med «Å male et skrik». Trioen består av Anders Lønne Grønseth, Audun Ellingsen og Ulrik Ibsen Thorsrud har komponert musikk til malerier av Edvard Munch

«Å male et skrik» er er på vegen og skal til Kragerø og Midt- og Vest-Telemark. Verkstadene «Gaven» og «Lyslek» starta turneen hjå Vinje-skulane denne veka, klovneframsyninga «Wow!» starta hjå elevar i Notodden, medan Rjukan vidaregåande har fått seg ein tur til Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Der blir brynesteinhistorie formidla, og er eit opplegg som varer heile dagen.

Les meir om produksjonane, og finn ut kva tilbod skulen din får ved å søke i søkefeltet på dks.no/telemark