Programmet er presentert for kommunane

Me i Den kulturelle skulesekken har vurdert 1362 forslag, og har vald ut eit knippe kommunekontaktane kan velje i.

MANGE INNTRYKK: Kontaktane våre i nedre del av fylket fekk presentert programmet på Telemarkshuset. Frå venstre: Anne Hvål Bamble, Lars Aas Porsgrunn, Anne Kjendsheim, Drangedal, Ellen Schulze, Kragerø, Marius Strandgård Baun, Olav Tveitan, Anette Storli Andersen og Rønnaug Flating frå Den kulturelle skulesekken i Telemark, Eli Haugland, Skien og Cedomir Popadic, Nome.

Det var altså 1362 som sendte inn forslag til programmet vårt i fjor haust. Alle er vurdert, og vi har endt opp med kring 50 produksjonar som no er presentert for kommunekontaktane våre. Dei vel ut frå dette utplukket, og etter kvart vil det forme seg eit program for neste skuleår.

– Me skal forsøke å jobbe meir effektivt, og blant anna vurderer me ein modell med program som varer i to år, fortel Anette Storli Andersen, teamleiar for Den kulturelle skulesekken i Telemark. Ho vedgår at det er ein overveldande jobb å vurdere over 1300 produksjonar.

– Med to års program kan ein kanskje spisse utlysinga etter nye produksjonar. Det blir kanskje betre for dei som leverer inn forslag også, at det blir litt tydlegare kva me treng, seier ho.

Me hadde to presentasjonsdagar, ein for kommunane i øvre del av fylket og ein for nedre.

– Eg fekk inntrykk av at det var mykje som fall i smak. Nå skal alle sette opp ei liste på ti produksjonar dei ynskjer seg, så skal vi sjå om vi klarer å få alle bitane på plass, sier Andersen.

Dei vidaregåande skulane får programpresentasjon i slutten av februar.

I løpet av våren får alle som har sendt inn forslag til programmet til DKS Telemark svar.