En dame sitter i en pappeske og snakker i en mikrofon.
Martine Hattestad Kveli er adoptert fra Kina, og i forestillingen En pappeske med historier forteller hun sin historie.

1362 vil til Telemark

Musikarar, kunstnarar, forfattarar og andre kulturformidlarar har søkt om å besøke skulane våre neste skuleår. Arbeidet med å velje er i gang.

Då fristen gjekk ut 1. oktober, var det over 1300 som hadde sendt inn forslag til neste års program.

– Nå er me i gang med arbeidet med å finne dei produksjonane som er best eigna, men det er ikkje ein enkel jobb, vedgår Anette Storli Andersen, teamleiar for Den kulturelle skolesekken i Telemark.

Mange søkt i to fylke

Då forslaga blei sendt inn i haust, var vi framleis Vestfold og Telemark fylkeskommune, frå 1. januar 2024 er vi delt i to fylke.

­– I Vestfold har dei fått inn 1 512 forslag, 1 362 forslagsstillarar har søkt til Telemark. Ein god del har søkt om å turnere i begge fylka i skuleåret 2023-2024, fortel Andersen.

God miks og gode forslag

­– I nye Telemark fylke er søknadene er fordelt på film, 170 forslag, visuell kunst 268 forslag, kulturarv 223 forslag, litteratur 314 forslag, musikk 455 forslag og scenekunst 666 forslag, fortel Anne Hermansen, rådgivar på Den kulturelle skulesekken.

Alle forslaga blir nå vurdert, men som alle forstår; dette kjem til å ta litt tid.

– Me startar med ei grovsortering på denne sida av nyåret, men utøvarane kan ikkje rekne med å få svar før godt ut i 2024, seier ho.