Utveg
Forfattermøte med Erling A. Westgaard Flote
I "Utveg" møter vi Johanne som er 17 år. Ho kan knapt vente til ho er ferdig med skulen, så ho kan flytte frå den vesle bygda, oppleve verda og utdanne seg til psykolog. Foreldra hennar, derimot, har andre planar for henne, dei vil at ho skal overta slektsgarden. I tillegg har bestevenninna, Marte, fått seg kjæraste, og er berre oppteken av han. Johanne blir dregen mot Linn, ei venninne frå barneskulen, som har droppa ut frå skulen og heng med rånarar, folk Johanne elles aldri ville vist deg med, og driv med ting ho vanlegvis ikkje ville gjort.
"Utveg" er ein roman om venskap og dei vala ein må ta for å finne sin eigen veg i livet. Eit viktig stikkord for refleksjonane elevane vil måtte gjere er forventning. Kva forventningar har dei til seg sjølv, kva forventningar kjenner dei på i kvardagen, og kven har forventningar til dei? Korleis kan forventningar vere positive og negative, og korleis påverkar andre sine forventingar til oss måten vi oppfører oss på og dei vala vi tek i liva våre? Sjølv om tematikken i boka er knytt til ei lita bygd, vil desse temaa lett kunne overførast til større byar og andre typar sosiale miljø.
Nyttig informasjon
keyboard_arrow_downVarighet
45 minutter
Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp
Nei
Sted
Se kalender
Oppriggingstid
5 minutter
Nedriggingstid
5 minutter
Arena/rom
Klasserom, Auditorium eller lignende
Antall utøvere
1
Trenger scene
Nei
Trenger blending
Nei
Trenger el-uttak
Ja
Ønsker til lokal arena
Internett, tavle, moglegheit for å vise bilete på skjerm og nødvendig utstyr til dette.
Produksjonen legg stor vekt på å få elevane aktivt med i formidlinga. Elevane vil få relfeksjons- og diskusjonsoppgåver undervegs, og vi vil ha dialog i både mindre grupper og plenum. Digitale hjelpemiddel som "Mentimeter", samt små skriveoppgåver, kan vere aktuelt for å sikre variasjon og elevaktivitet i produksjonen.
Gjennom denne produksjonen ønsker eg å invitere elevane direkte inn i litteraturen og vise korleis litteratur kan brukast til refleksjon over deira eigne liv og kvardagar. Eg håpar også på bidra til å fremje leselysta deira! Elevane kan også gjerne stille meg spørsmål knytt til skrivinga og det å vere forfattar.
Eg har lang erfaring med levande og engasjert formidling som lærar i vidaregåande skule gjennom femten år, og som deltakar og arrangør av litterære arrangement (gjennom fleire år som medlem av arrangørkomiteen for litteraturfestivalen Ord i Grenseland og andre arrangement ved Litteraturhuset Fredrikstad).
Utøvere og produsenter
keyboard_arrow_downArrangert av
Østfold fylkeskommune
Produsert av
Utøvere
Erling A. Westgaard Flote
Andre medvirkende
Gruppenavn
Erling A. Westgaard Flote
Idé/opplegg
Om kunstner / utøver / gruppe
Kontakt
keyboard_arrow_downKontaktperson i Den kulturelle skolesekken
Rami Maktabi, tlf: +47 41 55 59 37, e-post: ramim@ofk.no
Rami Maktabi, tlf: +47 41 55 59 37, e-post: ramim@ofk.no
Kjersti Movik Nygren, tlf: +47 93 42 24 58, e-post: kjerstiny@ofk.no
Kontaktperson utøver
Erling A. Westgaard Flote, tlf: +47 98 88 93 62, e-post: erling.flote@gmail.com
Uttrykksform
Målgruppe
8. – 10. trinn
Turnéplan
Varighet
45 minutter
Sted
Se kalender
Skoleår
2025/2026
Arrangert av
Østfold fylkeskommune
