Abraham i Bibelen og Koranen (2022/23)

Ungdommens val - opnar opp for viktige samtalar etter framsyninga

arrow_back Produksjoner

Forteljinga om Abraham er kjelda til den felles jødiske, kristne og muslimske arva vår. Ho er full av dramatikk og sterke kjensler som sjalusi og lojalitet, opprør og underkasting, kall og ofring.

Dei tre forteljarane, Mehda Zolfaqari og Alf Martin Lie (veke 2 og 11) / Per Jostein Aarsand (veke 4), har bakgrunn frå muslimsk og kristen tradisjon, og dei trekkjer inn notid og eigne erfaringar i formidlinga. Saman utforskar dei ei av dei mest sentrale forteljingane som har bunde dei tre verdsreligionane saman, men som samtidig har vore kjelde til splitting, konflikt og krig.

Etter formidlinga legg utøvarane opp til samtale med publikum. Samtalen vil dreia kring dagsaktuelle tema, som heilag krig, konflikt, forsoning, underkasting, kvinnesyn, idoldyrking og kor langt ein skal gå for å nå måla sine.

Abraham i Bibelen og Koranen er Vestland ungdomsutval sitt val av produksjon til ungdomstrinnet skuleåret 2022/23. 

8.-10. trinn: Øygarden og Askøy


Nyttig informasjon

keyboard_arrow_down

Varighet

45 minutter

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

100

Oppriggingstid

40 minutter

Nedriggingstid

10 minutter

Arena/rom

Klasserom, Gymsal, Auditorium, Aula eller lignende

Antall utøvere

2

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Nei

Ønsker til lokal arena

Min. 5x3 m gulvplass til scenerom. Fleksibelt i forhold til spillelokale, men det bør være et stille lokale uten gjennomgang.

 ”Ser du de jødene der? De tror at dette landet er deres fordi det er det landet som Allah ga til deres profet Ibrahim. Men Ibrahim er min profet!”, fortel ein palestinsk gut som Mehda møter i Hebron. Slik byrjar framsyninga om Abraham.

Forteljinga om Abraham/Ibrahim er ei forteljing som er kjelde til vår jødisk/kristne og muslimske fellesarv. Historia full av dramatikk og sterke kjensler: sjalusi og lojalitet, opprør og underkasting, kall og ofring.

Etter framsyninga blir det samtale med elevane, der ein saman utforskar ei av de mest sentrale forteljingane som har bunde tre verdsreligionane saman, men som samtidig har vore kjelda til splitting, konflikt og krig.

Førebuing/etterarbeid:
Etter framsyninga vil utøvarane ha ein samtale med elevane om dagsaktuelle tema knytt til det dei nettopp har sett. Læraren kan gjerne førebu elevane og/eller ta samtalen vidare med seg til klasserommet. Her er eksempel på tema som samtalen kan dreie seg om: krig eller forsoning; heilag krig og ekstremisme; flukt; kvinnesyn; idoldyrking og forteljing som læremiddel.

Utøvarane har utvikla eit ark med samtaletema knytt til framsyninga som læraren kan bruke i samband med framsyninga. Temaa er spesielt relevant i faga religion og etikk, norsk, KRLE, samfunnsfag, historie.

Utøvere og produsenter

keyboard_arrow_down

Arrangert av

Vestland fylkeskommune

Produsert av

Utøvere

Mehda Zolfaqari

Alf Martin Lie

Andre medvirkende

Regi: Georgiana Keable og Raymond Sereba

Gruppenavn

Fortellerhuset

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Mehda Zolfaqari er profesjonell historieforteljar og medlem av Fortellerhuset, den eldste munnlege forteljargruppa i Norge. Ho er fødd i Iran, oppvaksen i Oslo og har studert i både Australia og Norge. Mehda har film- og journalistutdanning i botnen, i tillegg til persisk, forteljarkunst og tolkeutdanning. Tidlegare jobba ho i NRK.

Per Jostein Aarsand, som vaksen opp på Stovner, er profesjonell forteljar og er kjend for å skape god kontakt med tilhøyrarane. Han underviser i forteljarkunst på HiOA (Høgskolen i Oslo og Akershus) og fekk i 2014 tildelt Statens kunstnarstipend.

Alf Martin Lie er frilans forteljarkunstnar og medlem i Fortellerhuset. Han er utdanna i munnleg forteljing på Høgskulen i Oslo og Akershus, og har i tillegg utdanning innan teologi, historie og praktisk pedagogikk. Alf Martin har mellom anna turnert med framsyningar i DKS, arbeider med fleirspråkleg forteljing, spelar kyrkjeframsyningar med klassiske musikarar og gjer ulike forteljaroppdrag.

Kontakt

keyboard_arrow_down

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig
Produsent/fagansvarlig

Kari Vik, tlf: +47 489 95 264, e-post: kari.vik@vlfk.no

Kontaktperson utøver

Mehda Zolfaqari, tlf: +47 959 91 768, e-post: post@mehda.no

Alf Martin Lie, tlf: +47 916 12 120, e-post: alfmartin@fortellerhuset.no