Frå Idé til ferdig film på ein dag! Workshop retta direkte mot yrkesfag på videregåande!
Eigen workshop retta direkte mot yrkesfag på videregående!
Vi flyttar oss ut frå klasserommet og møter elevane der dei er – på verkstaden, i kjøkkenet, i frisørsalongen osv. Elevane skal lage tutorials (instruksjonsfilmar) knytt opp til sitt yrkesfag.
Sjølv om vi her har ein verkstad som handlar om elevane sine eigne yrkesfag vil dei også få god innsikt i historiefortelling, dramaturgi, bildekomposisjon, foto, og redigering.
4 timer (Workshop hel skoledag)
Nei
Se kalender
30
15 minutter
15 minutter
Klasserom, Annet eller lignende
3
Nei
Nei
Nei
Film som uttrykksmåte passar yrkesfaga perfekt. Yrkesfaga er praktiske og visuelle. Med andre ord som skapt for film!
Workshopen er flytta frå det tradisjonelle auditoriet og inn på verkstaden, på kjøkkenet, i restauranten, til sjukehussenga, til sikringsskapet og frisørstolen – der elevane er.
Elevar frå linjene reindrift og naturbruk, byggfag, helse, kokk, elektro, TIP, design og håndverk, service og samferdsel og anleggsmaskin har tidlegare delteke på tilbodet.
Elevane lagar instruksjonsfilmer frå sitt eige fag. Såkalla tutorials. Gjennom planleggingsarbeidet og idefasen får elevane møte med historiefortelling, dramaturgi og filmteori. Til no er det laga eit vell av filmar som tek føre seg kvardagen på yrkesfag. Dei viser kor viktig elevane synst yrkesvalet deira er og som faktisk lærer oss mykje om korleis ein praktisk løyser oppgåver relatert til elevane sine spesialområde.
Kopling til læreplanen Kunnskapsløftet, LK20
Frå overordna del av læreplanen, Opplæringens verdigrunnlag: Skaperglede, engasjement og utforskertrang:
«Kreative og skapende evner bidrar til å berike samfunnet. Samarbeid inspirerer til nytenkning og entreprenørskap, slik at nye ideer kan omsettes til handling. Elever som lærer om og gjennom skapende virksomhet, utvikler evnen til å uttrykke seg på ulike måter, og til å løse problemer og stille nye spørsmål.»
DKS-produksjonen Filmhjelp yrkesfag berører -iallfall - desse kompetansemåla:
Medie- og informasjonskunnskap (MIN01-03) 1:
gjere greie for ulike kommunikasjonsmodellar og bruke desse i analyse og produksjon av medietekstar
reflektere over samanhengar mellom form og innhald i ulike typar medieforteljingar og utvikle ulike medieproduksjonar
Norsk (Nor01-06)
Vg2 YF: kommunisere klart og forståelig muntlig og skriftlig i yrkesrelevante sjangre
bruke relevant fagspråk til å presentere, gjøre rede for og dokumentere faglige emner og arbeidsprosesser fra eget utdanningsprogram
kombinere virkemidler og uttrykksformer kreativt i egen tekstskaping
Ulike yrkesfag, t.d. vg2 Frisør (FRI02-03):
planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeidsprosesser
gjøre rede for og anvende ulike kommunikasjonsformer i arbeidsprosesser
bruke arbeidsbeskrivelser, fagterminologi, digitale ressurser og visuelle hjelpemidler i arbeidsprosesser, dokumentasjoner og presentasjoner
Vestland fylkeskommune
Andreas Altermark
Geir Magne Pedersen
Christina Marie Hjelén Strøm
Øyvind Høstaker, tlf: +47 952 22 168, e-post: oyvind.sunde.hostaker@vlfk.no
Andreas Altermark, tlf: +47 905 72 877, e-post: andreas.altermark@gmail.com
Eirhild Bruvoll Alme, tlf: +47 941 74 043, e-post: eirhildlovise12@gmail.com