Rytmisk brassband med høg opplevingsfaktor
Med skulekonserten BRAZZ ynskjer The Brazz Brothers å formidle spanande og spesialarrangert musikk frå fleire verdsdelar med den originale besetninga deira, to trompetar, horn, trombone, tuba og trommer. Konserten består av mykje rytmisk musikk kombinert med leiken improvisasjon. Dette er musikarar som er kjende for høg opplevingsfaktor på konsertane!
I løpet av 40 år har dei 6 musikarane i The Brazz Brothers frå Sula på Sunnmøre vore særskilt opptatt av å formidle god, levande musikk for eit breitt publikum. I løpet av desse åra har dei spelt over 900 skulekonsertar over heile verda! For ikkje lenge sidane spelte dei i favelaene i Rio de Janeiro, Brasil.
Siden dei spelar instrumental musikk opplever dei sjeldan «språkproblem», og med ulike arrangører har dei spelt for ulike alderssteg i mellom anna New York, Los Angeles, Sarajevo, Bagamoyo, Maputo, Johannesburg, Cape Town, Bankok, Bejing, Hong Kong, Shanghai, Bosnia, Estland, Litauen, Skottland, England, Sverige, Danmark og Noreg.
På konserten vil musikarane også demonstrere instrumenta sine på utradisjonelt vis, td. gjennom elektronikk, mutar, slangar og liknande. Dei vil også demonstrere korleis seks kuduhorn høyrest ut, ein ur-gammal blåsetradisjon fra Sør-Afrika i tillegg til heseblesende Masaidans frå Tanzania.
Det vert også samspel med publikum (sang, klapp og dans) i heftig «call and response-stil» som ikkje treng særskilt førebuing.
45 minutter
Musikarane treng berehjelp av 4-5 elevar.
Se kalender
400
60 minutter
30 minutter
Gymsal, Auditorium, Aula, Annet eller lignende
6
Nei
Nei
Ja
Lokalet må vere eigna til framføring av musikk og elevene må sitje godt på stolar.
Gruppa har også tilbod om workshop på einskilde skular i tillegg til konserten. Dette er eit ekstratilbod med liten kostnad, føresetnaden er at det let seg gjere logistisk og kostnadsmessig i turnéplanlegginga. Gruppa er elles fleksible i opplegget og kan tilpasse i samarbeidet med skulen.
Musikarane tek kontakt med skulen nokre dagar i framkant av konserten for praktiske avklaringar.
Vestland fylkeskommune
Kenneth Ekornes
Runar Tafjord
Jan Magne Førde
Stein Erik Tafjord
Helge Olav Førde
Kåre Nymark
The Brazz Brothers
The Brazz Brothers
Øyvind Lyslo, tlf: +47 901 13 433, e-post: oyvind.lyslo@vlfk.no
Runar Tafjord, tlf: +47 900 11 627, e-post: tafhorn@me.com
Jan Magne Førde, tlf: +47 934 34 852, e-post: janmft@online.no